Florarussen 2020 avtale

Florarussen signerer ei historisk avtale!

Bilete av representantar frå Flora vgs, Florarussen, Kinn kommune og politiet

Florarussen har no ei avtale med Florø politistasjon og Kinn kommune om at dei skal samarbeide for å få til ei mest mogleg dopfri russetid.

– Vi føler at folk har eit negativt inntrykk av oss som er russ. Det ønsker vi å gjere noko med. Det seier russepresidenten, Sara Ravnestad, ved Flora vgs.

Under informasjonsdagen for russekullet 2020, signerte ho på vegner av florørussen ein historisk samarbeidsavtale med Kinn kommune og Florø politistasjon. I denne avtalen, som er den første av sitt slag ved Flora vidaregåande skule, forpliktar dei seg til å jobbe saman for ei russetid utan ulovlege rusmiddel.

Les heile saken i Firdaposten:

https://www.firdaposten.no/lokalnytt/flora-vidaregaande-skule/russefeiring/her-signerer-flororussen-ein-historisk-avtale-vi-vil-snu-det-darlege-inntrykket-folk-har-av-oss/s/5-16-374321?fbclid=IwAR2tIxmuSSopaxHK-oR2qrQLwcS4r6QuDD4X3ueGG2DcNJ8oaNADXd17V5o