Hovudutval for opplæring på skulebesøk på Flora vgs 26. november 2016

Hovudutval for opplæring på skulebesøk på Flora vgs 26. november 2016

Hovedutval for opplæring, møte på Flora vgs

Onsdag 26/10 hadde utvalet møtet Flora vgs. Elevar og leiing viste stolt fram skulen, og fortalte om arbeidet som ligg bak høg trivsel og ei gjennomføringsgrad på heile 93 %.

Hovudutval for opplæring arbeider med saker som gjeld vidaregåande opplæring, fagopplæring, vaksenopplæring og kompetanseutvikling. Utvalet har også ansvar for spørsmål som gjeld kompetanseheving og kompetanseformidling i fylket. Flora vgs var bede om å gjere greie for kva som kjenneteikner skulen, gjennomføring og formidling samt korleis skulen forpakter den lokale samfunnsrollen.

Møtet starta med ei omvising på skulen som etter fleire år med oppussing og rehabilitering står fram som om det skulle vere heilt nytt. "Dette er det de får for ca 180 millionar kroner" kunne ein stolt rektor Clausen fortelle konkludere etter rundtturen. Clausen fortalte vidare om spesialisering av funksjonar slik at ein får eit spissa fokus på områda skulen vil satse på. Mellom anna har vi ein leiar for elevane sitt skulemiljø og gjennomføring, skulehelseteneste med sjukemeldingsrett og ein rådgjevar som har ekstra fokus på kroppsøving.

Denne spesialiseringa viser igjen i resultata. Samla sett har skulen blant dei høgste gjennomføringstala i fylket. Yrkesfag er nasjonalt sett på som akilleshelen i gjennomføringssamanheng. Flora vidaregåande har jobba fokusert med dette og la fram at heile 93 % av dei 98 elevane som gjekk ut frå vg2 hadde bestått vitnemål. Arbeidslivskontakt kunne vidare fortelle korleis skulen, i lag med lokalt næringsliv, jobbar for å rettleie elevane ut i lære. 

Elevrådet var godt budd og fortalte korleis dei jobbar og kva dei er opptatt av. Mellom anna fortel dei korleis dei ønskjer å jobbe i lag med leiinga om vurdering av undervisning. Dei fortalte vidare om ei oppleving av god tenesteleveranse frå både lærarar, rådgjevingsteneste og helseteneste og stiller seg bak at Flora vgs er ein god stad for både læring, inspirasjon og trivsel.