Foto som syner to jenter i ein buss. Dei sit på kvar si side av midtgangen, ei er mørkhåra, og den andre er blond. Foto: A til Å Grafisk Design og Media

Foto som syner to jenter i ein buss. Dei sit på kvar si side av midtgangen, ei er mørkhåra, og den andre er blond. Foto: A til Å Grafisk Design og Media

Husk å søke om/ fornye skuleskyss for skuleåret 2021/22

 

Elevar i vidaregåande skule som bur meir enn seks kilometer frå skulen*, har rett til skuleskyss. Når det er nødvendig, har elevar rett til gratis båttransport utan omsyn til reiselengda.

*) rekna utifrå gangbar veg.

Du søkjer på http://skuleskyss.vlfk.no  Du bør søkje snarast då det er litt sakshandsamingstid.

Dersom du har rett til skyss, og har søkt innan skulestart, skal du ikkje betale for skuleskyss til og frå skule dei første vekene; uavhengig om du har motteke skysskortet ditt eller ikkje.

Dersom du har skysskort for vidaregåande skule frå før må du likevel søkje om skuleskyss gjeldande for dette skuleåret.