Flora vidaregåande skule
Teiknings av to passasjerar i ein buss.

Teiknings av to passasjerar i ein buss.

Informasjon til elevar, foreldre og føresette om Elevundersøkinga

Informasjon til elevar, foreldre og føresette
om Elevundersøkinga

Kva er føremålet med Elevundersøkinga?
Elevundersøkinga gir elevane høve til å seie kva dei meiner om læring og trivsel på skulen.
Resultata frå undersøkinga blir lagra og brukte av skular, skuleeigarar og den statlege
utdanningsadministrasjonen for å analysere og utvikle skule- og læringsmiljøet til elevane.
Data frå undersøkinga kan også bli brukte til forsking, og forskarar kan få utlevert rådata frå
undersøkinga. Delar av resultata frå Elevundersøkinga blir publiserte på
Utdanningsdirektoratets netteneste Skoleporten (skoleporten.udir.no).
Korleis blir undersøkinga gjennomført?
Elevundersøkinga kan gjennomførast både vår og haust. På hausten er det obligatorisk for
kommunane/fylkeskommunane/skulane å gjennomføre Elevundersøkinga. Gjennomføring av
undersøkinga på våren er eit frivillig tilbod til dei skulane som ønskjer det.
Både på våren og hausten er det frivillig for elevane å svare på Elevundersøkinga. Elevane
kan også starte ei undersøking, og hoppe over spørsmål dei ikkje ønskjer å svare på.
Behandlingsansvar og personvern
Når elevane svarer på spørsmål i Elevundersøkinga, blir det lagra personopplysningar om dei.
Utdanningsdirektoratet er ansvarleg for at personopplysningene som blir behandla i
Elevundersøkinga, blir behandla riktig og etter gjeldande personvernregelverk. Conexus
driftar det tekniske i undersøkinga på vegner av Utdanningsdirektoratet og må følgje same
regelverk om personopplysningar. Conexus driftar portal for bestilling, innhenting og vising
av resultat frå Elevundersøkinga, inkludert grunnlagsdata. Portalen krev pålogging.
Resultata frå Elevundersøkinga kan ikkje direkte knyttast til personar som har svart. Elevane
som svarer oppgir ikke namnet sitt, og det er ikkje knytt personnummer til svara. Når
undersøkinga blir avslutta, blir samanhangen mellom påloggingskoden til eleven og svaret
broten. Difor er det svært vanskeleg å identifisere kven som har svart kva i undersøkinga. I
nokre svært få tilfelle kan det likevel vere ein teoretisk mogelegheit for at nokon kan kjenne
at kven som har svart kva (indirekte identifisering), for eksempel ved små skular der nokon
har bakgrunnskunnskap om dei som har svart. Difor har vi svært strenge reglar for å vise
resultat frå undersøkingane - det gjeld for skulane, skuleeigarane og dei statlege
utdanningsmyndigheitene. Det er lagt inn egne reglar (prikkereglar) for å skjule resultat og
dermed redusere faren for at nokon indirekte kan kjenne att kven som har svart kva. Data frå
undersøkinga blir aldri publisert offentleg på ein måte som gjer det mogeleg å kjenne att
svara til enkeltelevar.
I dei tilfella vi gir ut data til forskarar, må dei følgje reglane til Utdanningsdirektoratet for
behandling av data og teieplikt, og dei må skrive under på ei teieplikterklæring.
Rettsleg grunnlag for behandling av personopplysningar
Det rettslege grunnlaget for behandling av personopplysningar i Elevundersøkinga er
personvernforordninga (GDPR) art. 6 nr. 1 bokstav e og art. 9 nr. 2 bokstav g, der det
supplerande nasjonale rettslege grunnlaget er forskrift til opplæringslova § 2-3 og forskrift til
friskulelova § 2-3.
Har du spørsmål?
Dersom du ønskjer meir informasjon, kan du kontakte skulen. Du finn også mykje
informasjon på www.udir.no/undersokelser. Dersom du har spørsmål om personvernet i
undersøkinga, kan du rette desse til personvernombodet i Utdanningsdirektoratet på e-post:
personvernombud@udir.no.
Eventuelle klager på Utdanningsdirektoratets behandling av personopplysningar i samband
med Elevundersøkinga skal rettast til Datatilsynet. Du finn meir informasjon på nettsidene til
Datatilsynet: https://www.datatilsynet.no/om-datatilsynet/kontakt-oss/hvordan-kan-jegklage-
til-datatilsynet/
Kontaktinformasjon til Utdanningsdirektoratet:
Postadresse: Postboks 9359 Grønland, 0135 OSLO
Telefon: +47 23 30 12 00
E-post: post@udir.no
Internett: www.udir.no

Informasjon om elevundersøkelsen på andre språk, klikk på lenka under:

www.udir.no/tall-og-forskning/brukerundersokelser/administrere-brukerundersokelsene/#dette-skal-dere-informere-respondentene-om