www.flora.vgs.no

GMU - Grunnskole for minoritetsspråklig ungdom

Flora vgs. har ansvar for 2 grupper som gjev eit 1-årig skuletilbod til minoritetsspråkleg ungdom. Kurset passar for deg som treng å styrke dine norskkunnskapar før du begynner på vg1. Innføringstilbodet, forkorta GMU, er eit frivillig tilbod for ungdommar i alderen 16-20 år med kort butid i Noreg.

Elevane har ulik skulebakgrunn, og kan få inntak etter ulike vilkår: 

  1. Elevar som ikkje har skulebakgrunn frå heimlandet som svarar til norsk grunnskule, dvs. minimun 9 år med opplæring.
  2. Elevar som har avslutta ordinær grunnskule i Noreg, men som på grunn av kort butid treng meir opplæring.
  3. Elevar som kan dokumentere minimum 9 år grunnskule frå heimlandet, men som ønskjer/treng eit betre grunnlag før inntak til vidaregåande skule.

Kommunane må kartlegge språkferdigheitene til søkjaren. Elevar som er på eit A2-nivå i norsk bør oppmodast til å søkje GMU, medan elevar på lågare nivå må få meir norskopplæring i regi av kommunane. Søknadsfristen for inntak til GMU-tilbodet er 1. mars.

Elevane får undervisning på ein vidaregåande skule etter læreplan for grunnskulen. Dei går opp til grunnskuleeksamen. I kvar gruppe er det 12 elevplassar. Tilbodet vil ikkje kome i gang om det er færre enn 5 elevar som har rett til inntak til GMU-tilbodet. Ein følgjer skuleruta og tilbodet er eitt-årig. Det er 28 timar på skulen pr. veke.

Elevane får dokumentasjon på grunnskuleopplæring med karakter, og kan på lik linje med andre elevar konkurrere med karakterpoeng i inntaket til vidaregåande opplæring.
Opplæringa er eit samarbeid mellom Flora vgs. og Flora kommune.

Kurset strekk seg over eit skuleår med 842 årstimer, dvs. 22,5 klokketimer undervisning per veke. Det tel ikkje som ein del av vidaregåande opplæring. Du bruker ikkje av skuleretten din ved å ta dette året. 

Tips ein ven Skriv ut

Kontakt

Vivian Norstrand
Spes-ped. koordinator
vivian.norstrand@sfj.no
tlf 57 63 76 00