besøk hos Steinvik fiskefarm

Innovasjonscamp "ringer av vann"

40 elevar har denne veka jobba med spenstige forslag til nye produkt for sjømatnæringa. Innovasjonscampen er eit samarbeid mellom skulen, Steinvik og Ungt Entreprenørskap.

Ungt Entreprenørskap og Sett Sjøbein har fått i oppdrag frå Nærings- og fiskeridepartementet (NFD) å satse spesialt på Marin sektor (Sjømatnæringen) i 2016. I Flora var i alt 40 elevar fordelt på 8 grupper i gang med oppdraget. Vår lokale samarbeidspartner var oppdrettsselskapet Steinvik.

Innovasjonscampen gjekk over to dagar. Mandag var elevane hos Steinvik for å sjå visningssenteret deira for å lære om oppdrettsnæringa i tillegg til å høyre historia om selskapet som starta i 1986. Alex Vassbotten fortalte korleis han og faren har bygd opp eit solid selskap ved hjelp av innovasjonsteking og knoppskyting. Vi fekk også høyre om framtidige moglegheitar ved å bruke mikroalgar i produksjon av fargestoff og omega 3 frå Gabriel Ossencamp. På ettermiddagen vart elevane delt inn i grupper og fekk problemstillingane dei skulle bu seg på til neste dag.

Tysdag kom det fram mange spenstige løysingsforslag på oppdraget. Her er idéar om eit heilautomatisk restaurantkonsept utan servitører / betjening. Ei gruppe går med planar om å lage laksekjøttdeig. Ei anna hadde tenkt å etablere ei ny fastfood kjede innan sunn mat og då fortrinssvis fisk.  Ei av gruppene tenker å introdusere fisk som kantinemat på vidaregåande skular.  Fisk då tilberedt etter ungdommens smak – som wraps eller taco. Her var også ein idé som går på å lage eit rabattsystem via student / skulebevis. Enkelt fortalt er at ein handlar sunn mat i matvarebutikken og får rabattar på dette ved at ein scannar skulebeviset i kassen. 

Juryen som fekk presentert løysingane bestod av varaordførar Jan H Nygård, Alex Vassbotten og Anne Karin Vassbotten frå Steinvik, Ue-representant Eivind Husabø og arbeidslivskontakt Øystein Garfors. Alex som leia juryen proklamerte at han var kraftig imponert over forslaga som kom fram. Til slutt vart det gruppa som ville lage eit rabattsystem via student og skulebevis som stakk av med ein knepen seier blant gruppene.