Flora vidaregåande skule
service og samferdsel på hjortesenteret på Svanøy

service og samferdsel på hjortesenteret på Svanøy

Innovasjonscamp

Denne veka er service og samferdsel på innovasjonscamp på Svanøya kor dei skal komme med forslag til aktivitetar Norsk Hjortesenter kan legge inn i tilbodet sitt.
 

Oppdraget til elevane er: Gå innom nettsida til Norsk Hjortesenter og gjer deg kjend med kva type aktivitetar dei tilbyr. Med dette som utgangspunkt skal du komme opp med ein heilt ny aktivitet som dei kan legge inn i sine tilbod. Dette må vere realistiske aktivitetar som tek utgangspunkt i dei føresetnadane som hjortesenteret har (omsyn til beliggenheit, ressursar og muligheiter). Det skal også ha samanheng med dei øvrige aktivitetane som hjortesenteret tilbyr.

Gruppa skal lage ein rapport og presentasjon der dei beskriv forslag til den nye aktiviteten i detalj. Dette skal vere med i rapporten / presentasjonen dei skal legge fram til slutt.