Flora vidaregåande skule
Internasjonal dag

Internasjonal dag 2019

Internasjonal dag 2019 ved Flora vgs vart ein stor suksess! Sjå bilder og info i saka

Prosjekt Malawi UB arrangerte onsdag Internasjonal. Det vart ein stor suksess med godt sal frå det internasjonale matmarkedet. Mange har stått på over fleire dagar og laga all den gode maten.

Internasjonal dag, mat

Det var mat frå Uganda, Malawi, Somalia, England, Sudan og Thailand for å nemne nokon. Elevane fekk også høyre Morten Rørvik frå Norec fortelle om sin bakgrunn i militære på diverse militæroppdrag rundt om i verda.

Internasjonal dag, foredrag

Maren Sæbø holdt også eit foredrag om historia og politikken i Afrika, ho er frilansjournalist og Afrikaekspert som også har budd fleire periodar i Afrikanske land. På bildet får Sæbø, Rørvik og DR Drew Moyo ei gåve av  Prosjekt Malawi-leiar Sara Linnea, som takk for deltagelse. 

Til slutt fekk heile skulen høyre Afrikanske rytmer når DJ Drew Moyo spelte konsert. Resultatet frå matmarkedet vart ca 20 000 til Prosjekt Malawi.   

Internasjonal dag, Prosjekt Malawi

Gjengen i Prosjekt Malawi UB og DJ Drew Moyo.

Internasjonal dag.jpg

 

Tips ein ven Skriv ut