Flora vidaregåande skule
elevar i matkø på internasjonal dag

Internasjonal dag

Vi ønskjer å feire mangfaldet på skulen og motivere elevar for å gjere ein forskjell i verda. Onsdag 22/11 vert det spanande foredrag og lunsj med internasjonal mat og musikk. Kom med eit ope sinn, gløm matpakke og nyt dagen.   

Noreg og Florø ligg i enden av vegen langt vekke frå Europa. Vi nordmenn utgjer faktisk berre 0,06 prosent av verda. Det er ein av mange årsaker til at elevar ved skulen bør lære litt om verda.

Internasjonal komité har invitert inn fleire ulike foredragshaldarar til å fortelje historier frå verda utanfor Florø. Felles tema for foredraga er møte med andre kulturar. De kan mellom anna møte Forfattar Katrine Sele som har skreve om livet på eit asylmottak, tre asylsøkarar som fortel historia si om turen frå heimlandet sitt til Noreg, Bård som har satsa på Judo i Japan, assiterande profesor Deborah Davies frå Høgskulen på vestlandet som vil snakke om klima, utvekslingselevar med røynsle frå USA, Noreg, Chile og Tyskland, ein presteson som jobba som musikar i Malawi og nokre fleire til..   

Skulen har dessutan dreve internasjonalt utviklingsarbeid i Malawi i 12 år. Dei aller fleste klassane vil også få høyre meir om nokre delar av dette arbeidet.

Det vert lagt opp til 2 workshops/foredrag for kvar klasse. 0845-0930, 0935-1015 og 1025-1105. Alle er på 40 min. Når det ikkje er foredrag er det undervising etter timeplan. Lærar føl med klassen og hjelper dykk med å møte i tide og til å rekke litt undervisning innimellom. 

Lunch vert det frå 1145 til 1300. Der vert det høve til å prøve diverse internasjoanle rettar for ein rimeleg penge. Hugs pengar. Det vert også underhaldning frå scena i biblioteket. 

Kl 1305 samlar kontaktlærar sin klasse på klasserommet for gjennomgang av diverse info om aksjonsdagen 1/12. Internasjonal komité sender ut eit info-skriv med presentasjon på førehand. Denne vert sendt ut på mail seinast dagen før. 

Oppsett for dagen finn de her og i Fronter: