Flora vidaregåande skule/Om oss/Prosjekt og satsingar/Internasjonalisering
elevar frå yrkesskulen Flora vgs har støtta i Malawi sidan 2011

elevar frå yrkesskulen Flora vgs har støtta i Malawi sidan 2011

Internasjonalisering

Flora vgs har lang tradisjon på å jobbe med internasjonalisering og ligg forankra i skulens utviklingsplan så vel som i nasjonale føringar.

Oversikt over pågåande prosjekt:

Prosjekt Malawi UB er ei ungdomsbedrift (8 elevar i skuleåret 2018-2019) som står ansvarleg for å organisere internasjonal dag og aksjonsdag. Dei er også med på å bestemme korleis skulen skal bruke desse pengane inn mot sine partnarar i Malawi og Uganda. Det er viktig for Flora vgs at elevane tek del i det internasjonale arbeidet. Medlemmene i Prosjekt Malawi har eit særleg

Erasmus+. Dei fem siste åra har vi sendt 3-6 helsefagarbeidar på arbeidspraksis i London. Elevane bur hos vertsfamiliar og jobbar på ulike institusjonar over to veker. Frå 2018 startar vi opp med tilsvarande utveksling for elevar frå Service og Samferdsel. 

Idrettsfag dreg årleg på ei vekes treningsleir til utlandet. Dei siste åra har dei vitja Tyrkia og Lanzarote i Spania.

Fredskorpset har vore ein viktig partner for Flora vgs sidan 2012. Gjennom deira støtte utveksler vi personale mellom Norge, Malawi og Uganda gjennom kontrakter på 13 månader.

Building Skills for Jobs: DIKU har inngått ein avtale med Flora vgs som gjennom perioden 2017-2021 skal styrke kvaliteten på yrkesopplæringa som vert tilbydd via partneren vår Nkhotakota Youth Organisation i Malawi.

 

Tips ein ven Skriv ut