Flora vidaregåande skule
elevar jobbar med installasjon av motor på elektro

Foto: Flora vgs

Invitasjon til hospitering

Mandag 24/10 og tysdag 25/10 vil vi ønske 10. klasse velkomne til hospitering ved Flora Vgs. Vi har sju studieprogram de kan velje mellom.

Elevane må sette opp minimum eitt ønskje for kva program dei ønskjer å hospitere på.

- Studiespesialisering (realfag og språk/økonomi/samfunnsfag). Her får du innsyn i korleis kvardagen er for dei som seinare tek sikte på ei utdanning på høgskule eller universitet. Det er hovudsakleg lagt opp til teoretisk undervisning

Service og samferdsel med IKT servicefag. Dette er ei linje kor du har ein god del teori, men teori som er knytt mot praksis. Mellom anna har dei arbeidspraksis ein dag i veka både på vg1 og vg2. Du lærer til dømes om korleis du skal kommunisere godt med kundar, lage enkle reklamebodskap og bruk av IKT. Du får vite om kva praksis som er mogleg innanfor linja. Vi undersøker også kva elevane gjer på vg2 tilbodet IKT servicefag.  

Helse og sosialfag, barn og ungdom + helsearbeidarfaget. Du vil få innblikk i begge linjene Flora Vgs tilbyr. Det vert lagt opp til praktiske øvingar, i tillegg til at du får lære relevant teori om t.d. kosthald, pedagogikk og om anatomi (læra om kroppen). 

- Elektrofag. På elektro vil du få innblikk i enkel teori slik at du skal unngå t.d. støt eller andre farlege situasjonar;-) Det vert lagt opp til arbeidsstasjonar slik at du får prøve deg som elektrikar, automatikar, du får lodde og kople. 

Bygg og anleggsteknikk, byggteknikk + klima, energi og miljøteknikk. Byggfag vil i all hovudsak legge opp til praktiske øvingar innan tømring, røyrlegging og ventilasjon. Du vil også lære om andre moglegheiter innan denne linja og kva som skal til for å bli ein god fagarbeidar.

Idrettsfag. Hugs treningstøy. I tillegg må du hugse at dette er ei linje som gjev studiespesialisering - så du vil også få informasjon og undervisning om/i programfag. Du vil også få innblikk i dei teoretiske idrettsfaga som t.d. treningslære.

Teknikk og industriell produksjon. Ei linje som gjev moglegheit til fagbrev i over 60 fag! Vi kan sjølvsagt ikkje gi deg innblikk i alle desse, men vil rette praktiske øvingar opp til dei faga som gjev flest moglegheiter lokalt. Flora Vgs tilbyr vg2 kurs i industriteknikk og brønn- og borreteknikk.


Generell info:
Elevane møter i aulaen på skulen mandag kl 0845. Her vil det vere oppslag for kvart studieprogram. Du går til den plakaten du er oppmeldt på og sjekkar der i lista om du finn navnet ditt. Derifrå vert de tatt med til dei klassane de skal vere i desse to dagane. Det er avgrensa plassar, så vi tek oss retten til å plassere elevar på andrevalet sitt.

Skulen er organiserte i dobbelttimar med friminutt kl 1015-1025 og matpause kl 1155-1220. Hospiteringa er over 1350 (med mindre anna er avtalt).

Ta kontakt med Rådgjevar Øystein Garfors, tlf 41 53 06 03 dersom de har spørsmål til hospiteringa. oystein.garfors@sjf.no