Kommentar i sosial medier

Det er publisert i ulike medier onsdag 29. januar at politiet etterforskar truslar om skuleskyting. Bakgrunnen er ei kommentar til eit bilete på sosiale medier. 

Innhaldet låg ein periode på ein leverandør av russeutstyr sin konto på Instagram, i form av en kommentar til eit bilete. Skulen vart gjort merksam på dette onsdag morgon. Då var meldinga allereie sletta. Dette er ein av mange meldingar publisert ulike stadar i landet. Vestland fylkeskommune har difor informert skulane om at dei ønskjer å handtere slike sakar sentralt.

 Skulen sendte umiddelbart informasjon om den sletta meldinga vidare til politiet, og rutinemessig til skuleeigar Vestland fylkeskommune. Skuleeigar har drøfta denne type meldingar med politiet i går - onsdag og i dag torsdag. Vest politidistrikt har uttalt seg om saka og seier mellom anna at dei tar sakene på fleire skular med største alvor, og dei blir vurdert forløpande. 

 Skulen har informert elevane på skulen si interne informasjonssystem og i klassane.