Flora vidaregåande skule/Elev og føresett/Reglar og rutinar/Fråvær/Kontakt skulen ved fråvær

Kontaktprosedyre ved sjukdom

For elevar og føresette, oppdatert 20.08.18

Når du er sjuk og blir borte frå skulen må du frå 21/08:

1. Melde frå til skolen / kontaktlærar pr. telefon eller via melding på e-post eller i Teams kor du informerer om at du er sjuk og vert vekke. Kontaktlærar registrerer deg som fråverande denne dagen. Dette tel på fråværsgrensa

2. Er du borte grunna sjukdom og treng å dokumentere fråværet for å sikre deg mot å gå over fråværsgrensa MÅ du:

  • Gå til lege SAME dag som du er sjuk for å registrere og dokumentere dette
  • Har du diare og eller oppkast MÅ du ringe lege SAME dag for å registrere og dokumentere dette
  • Er du borte grunna kroniske lidingar MÅ du kontakte lege SAME dag som du er borte for å registrere dette.

3. Er du litt småsjuk eller har ein skade som påverkar t.d. Kroppsøving kan du møte på skulen og snakke med læraren om tilrettelegging av opplegget – slik at du kan vere med mest mogleg.


Sjå også Instruks for fråværsføring for faglærarar og kontaktlærarar ved Flora vidaregåande skule.

Tips ein ven Skriv ut