Flora vidaregåande skule
Andreea, Dino, Frida og Synne frå 3IDA tenker tilbake på høgdepunkt frå tida på skulen.

Andreea, Dino, Frida og Synne frå 3IDA tenker tilbake på høgdepunkt frå tida på skulen.

Kvar går vegen vidare?

Fem elevar mimrar tilbake til høgdepunkt frå tida på Flora VGS. 

Sommarferien er rett rundt hjørnet og for nokre av elevane nærmar det seg også skuleslutt. Dei siste vekene har skulen vore prega av eksamen, stille gangar og konsentrerte elevar med nasa vendt ned i lærebøkene. Men om berre nokre dagar brakar det laust. Då spring elevane ut av døra med stormande jubel og kan sjå tilbake på ei minnerik tid ved Flora vgs. Til tross for eksamensnervar tok fem avgangselevar frå idrettslinja seg tid til å dele nokre gode minner med oss og kor vegen går vidare.

 

Namn: Frida Sunnarvik Waaraas (19)

Kva minne sit du igjen med frå Flora vgs?

Klasseturen til Lanzarote gjorde at miljøet i klassen blei mykje betre. Samanhengen mellom å trene og bo sammen ei heil veke gjorde forholdet vårt enda tettere. Det er verkeleg ein tur eg aldri vil gløyme. 

Kvar går vegen vidare?

Eg skal i Forsvaret først, og så studere vidare etter det. 

 

Namn: Dino Jakupovic (19)

Kva minne sit du igjen med frå Flora vgs?

Klasseturen til Lanzarote i 2. klasse. Klasseturer generelt, friluft, fjelltur osv. Alle gymtimane, konkurransane, leiing av andre. Det er ei god erfaring å ha med seg vidare. 

Kvar går vegen vidare?

Eg skal i militæret i 2019.

 

Namn: Andreea Cioaca (19 år)

Kva minne sit du igjen med frå Flora vgs?

Klassetur til Lanzarote og ei fin russetid.

Kvar går vegen vidare?

Først eit årsstudium med idrett, og så er planen politihøgskulen. 

 

Namn: Synnøve Søvik (19 år)

Kva minne sit du igjen med frå Flora vgs?

Teltturar med klassen. Klasseturer (særleg Lanzarote). Samholdet vi har fått i klassen gjennom fellesfag og gymfag. Og ikkje minst: russetida.

Kor går vegen vidare?

Eg skal til Molde på folkehøgskole.

 

Namn: Celina Standal Svardal (18 år)  

Kva minne sit du igjen med frå Flora vgs?

Fekk nye fantastiske venner for livet. Funne meg sjølv, utvikla personlegheita mi, lært korleis eg skal behandle og trene kroppen min til det betre. Folk kan endre seg til det betre om dei vil, både personlighet, oppførsel og på anna måte. Å gå på vidaregåande hjelper folk med å forstå seg sjølv og vokse opp.

Kor går vegen vidare?

Eg skal i hæren januar 2019. Før det skal eg jobbe og legge meg opp litt pengar. 


df

 

Vi ønsker elevane våre lykke til på vegen vidare!