Flora vidaregåande skule
Vestland stillingsannonse

Lærar - Elektro og datateknologi VG1 og VG2 El-energi og ekom

100% fast stilling, søknadsfrist 05.07.2021

 

Arbeidsoppgåver

Stillingane kan innebera undervisning i praksis og teori på alle trinn. VG1 Elektro og datateknologi og VG2 Elenergi og ekom.

Utarbeide dokumentasjon og planar for undervisninga.

Oppfølging, vurdering og rettleiing av elevar. Opplæringa vil gå føre seg i ein kombinasjon av praksis/teori.

Kontaktlærar for ei klasse etter nærare avtale.

Kvalifikasjonar

Fagbrev som elektrikar og praksis innan faget er ønskeleg. Høgare utdanning innan elektrofag.  

Gode tekniske og faglege ferdigheiter, brei erfaring frå installasjonsarbeid. 

Røynsle frå undervisning innan elektrofaga er ønskjeleg.

Kompetanse innan IT og relevant programvare.

God munnleg og skriftleg framstillingsevne. 

Kjennskap til lokalt næringsliv.

Til alle undervisningsstillingar er det krav om relevant fagleg og pedagogisk kompetanse. Skulen kan etter vurdering gi tilbod om fast tilsetting under vilkår av at utdanninga vert fullført innan ein nærare tidsfrist.

Den som blir tilsett må legge fram politiattest av nyare dato.

Følg link for fullstendig stillingsbeskrivelse: 

 

https://240010.webcruiter.no/Main2/Recruit/Public/4408404520?language=nn&link_source_id=0