Flora vidaregåande skule
elevar jobbar med grindbygg på vekstaden til byggfag

Foto: Flora vgs

Ledig stilling: 100% stilling innan byggfag frå 01.10.2019 ved Flora vgs

Søknadsfrist 18.07.2019

Om arbeidsgiver:

Flora vidaregåande skule har både studieførebuande- og yrkesfaglege programområde, grunnskuleopplæring for minoritetsspråklege og vaksenopplæring. Vi er omlag 550 elevar og 100 tilsette som saman jobbar for læring, inspirasjon og trivsel.

For meir informasjon gå til skulen si heimeside: www.flora.vgs

Om stillingen:

100 % stilling som lærar innan Byggfaga frå 01.10.2019.
Kompetanse innanfor røyrfaga, og gjerne tilleggskompetanse/erfaring frå andre delar av byggfaga. Vi søkjer etter en engasjert, positiv og utviklingsorientert person som vil jobbe med ungdom og byggfag.

Nærare om arbeidsoppgåver:

  • Undervisning i programfaga innan Bygg- og anleggsteknikk

Kvalifikasjonar:

  • Søkjer må ha erfaring og undervisningskompetanse i fag som skulen tilbyr.
  • Pedagogisk utdanning
  • Kjennskap til lokalt næringsliv er eit føremon
  • Erfaring med arbeid innanfor området, og med rettleiing er ynskjeleg

Krav til utdanning:

  • 2 år utdanning utover fagbrev samt pedagogisk utdanning, eller yrkesfaglærerutdanning. Søkjarar utan fullverdig kompetanse kan óg søkje.

Personlege eigenskapar:

  • God relasjonsbyggar - kommunisere faglegheit, tryggleik og omsorg
  • Identifisere og verdsette læringspotensialet hjå alle elevar, gjennom eit inkluderande elevsyn
  • Systematisk og effektiv
  • Strukturert
  • God munnleg og skriftleg framstillingsevne
  • Fagleg og pedagogisk oppdatert
  • Evne til å samarbeide og å dele

For stillinga gjeld:

  • Løn etter gjeldande regulativ
  • Fylkeskommunale tilsetjingsvilkår
  • Hjelp til å skaffe bustad og flytteutgifter vert dekka etter gjeldande reglar
  • Gode pensjons- og forsikringsvilkår
  • 6 månaders prøvetid

Den som blir tilsett må legge fram politiattest av nyare dato, jf. Opplæringslova §10-9.

Nærare opplysningar får du ved å kontakte skulen v/adm.leiar og seksjonsleiar for handverksfag Arnfinn Ekerheim tlf. 415 30 788.

Søknad med fullstendig CV skal sendast elektronisk.

Vitnemål og attestar skal leggast fram ved eventuelt intervju.

Det blir teke atterhald om at overtalige ved andre skular kan ha rett til utlyst stilling.

Søknadsfrist 18. juli 2019

Tips ein ven Skriv ut