Flora vidaregåande skule
Vestland stillingsannonse

Ledig stilling: Faglærar - Sal, service og reiseliv

100% fast stilling

Søknadsfrist 24.05.2020

Arbeidsoppgåver

Undervisning i programfag på Sal, service og reiseliv.

Stillinga kan verte tillagt kontaktlæraroppgåver.

Kvalifikasjonar

Vi søkjer etter ein lærar med relevant fagbakgrunn og undervisningskompetanse i faga innan programområdet for Sal og service. Fagbakgrunn kan vere både faglærerutdanning og ulike høgskule- og universitetsfag. Søkjarar utan godkjent pedagogisk utdanning, kan verte tilsette fast under vilkår om at slik utdanning vert fullført innan ein nærare fastsett frist.

Personlege eigenskapar

Vi ønskjer ein medarbeidar som likar å arbeide med ungdom og er ein god rollemodell med interesse for fagfeltet inn sal, service og reiseliv:

  • Som er oppteken av å skape eit trygt og godt læringsmiljø og som framstår som ein tydeleg leiar og fagperson i klasserommet og i møte med elevar og samarbeidspartar i næringslivet
  • Som lærar må du vere bevisst ansvaret som ligg i å leie arbeidet for elevane, og legge til rette for deira utvikling og dermed kvaliteten på opplæringa.
  • Evne og vilje til å planlegge, gjennomføre og å evaluere undervisninga både sjølvstendig og i samarbeid med andre
  • Vilje og evne til utvikling
  • God munnleg og skriftleg framstillingsevne
  • Kunne arbeide strukturert og systematisk
  • Du må og vere nysgjerrig på fag- og teknologiutviklinga innan sektoren. 
  • Kjennskap til lokalt næringsliv er ynskjeleg

Meir onformasjon og for å søke: https://4170735336.webcruiter.no/Main/Recruit/Public/4236124325?link_source_id=0