Flora vidaregåande skule
Vestland stillingsannonse

Ledig stilling: Kantinestyrar

89% fast stilling

Søknadsfrist 14.05.20

Flora vidaregåande skule, ligg i Florø og har sju utdanningsprogram innan både studieførebuande- og yrkesfag, om lag 100 tilsette som kvar dag bidreg til læring, inspirasjon og trivsel for omlag 530 elevar.  Meir informasjon om skulen finn du på flora.vgs.no. 
Frå 010820 har vi ledig stilling som kantinestyrar. Stillinga er sentral i arbeidet med folkehelse og trivsel på skulen. Kantina er ein samlingstad sentralt plassert i skulen og skal gi gode mat- og sosiale opplevingar for alle på skulen. Stillinga følgjer lærarane sitt skuleår og utgjer 89% av full stilling. 

Arbeidsoppgåver

Kantina på Flora vidaregåande skule produserer og selger mat til elevar og tilsette. Sentrale oppgåver er:

  • Dagleg drift av kantina
  • Tilbereding og sal
  • Meny- og aktivitetsplanlegging i lag med skulen sine elevretta tenester
  • Varebestilling, varemottak og kostnadskontroll
  • Kassaoppgjer og rapportering
  • Leverandør- og kundeoppfølging
  • Reinhald av kantinekjøkken
  • Kaffekoking og enkle oppgåver knytt til kaffe-/tekjøkken for personale
  • Gi opplæring og veilede andre medarbeidarar i kantina i IK-mat, produksjon og kundebehandling
  • Etter nærare avtale kan det verte lagt arbeid til kveldstid i samband med arrangement på skulen

Kvalifikasjonar:

  • Fagbrev innan kokkefaget, relevant erfaring kan kompensere for dette kravet
  • Erfaring frå kantine eller kjøkken, gjerne leiarerfaring
  • God kunnskap i IK-mat
  • Gode norsk-kunnskapar
  • Digital kompetanse

Meir informasjon om stillinga og for å søke, klikk på lenka under.

https://4170735336.webcruiter.no/Main/Recruit/Public/4218667588?link_source_id=0