Vestland stillingsannonse

Ledig stilling: Lærar byggfag

100% fast stilling ved Flora vgs

Søknadsfrist 12.05.2020

Arbeidsoppgåver

Undervisning i programfag på Bygg- og anleggsteknikk Vg1 og Vg2 og kontaktlæraroppgåver etter nærare avtale.
Kvalifikasjonar
Sveinebrev i røyrfag og arbeidserfaring. 
Teknisk fagskule eller ingeniørhøgskule, eventuelt godkjend yrkesfaglærarutdanning. Søkjarar utan formell undervisningskompetanse (fagleg og pedagogisk) kan tilsetjast på villkår om å fullføre slik utdanning innan nærare gjeve frist. 
Personlege eigenskapar
  • Vi ønskjer ein medarbeidar som likar å arbeide med ungdom og er ein god rollemodell
  • Som er oppteken av å skape eit trygt og godt læringsmiljø og som framstår som ein tydeleg leiar i klasserommet/verkstaden. Som lærar må du vere besvisst ansvaret som ligg i å leie arbeidet for elevane, og legge til rette for deira utvikling og dermed kvaliteten på opplæringa.
  • Evne og vilje til å planlegge, gjennomføre og å evaluere undervisninga både sjølvstendig og i samarbeid med andre
  • Vilje og evne til utvikling
  • God munnleg og skriftleg framstillingsevne
  • Kunne arbeide strukturert og systematisk

Sjå lenke for meir informasjon og for å søke:

https://4170735336.webcruiter.no/Main/Recruit/Public/4227535271?language=NN&link_source_id=0&fbclid=IwAR0U7mbuXASqNwNKR-btpYcttV_m5irnQRGdPKTHtzEG4hUEgYYNSdPmr_U