Flora vidaregåande skule
Vestland stillingsannonse

Ledig stilling: Minoritetsspråkleg assistent og miljøarbeidar

50% fast stilling ved Flora vgs

Søknadsfrist 11.05.2020

Flora vidaregåande skule ligg i Florø og har sju utdanningsprogram innan både studieførebuande- og yrkesfag. Vi er omlag 100 tilsette som kvar dag bidreg til læring, inspirasjon og trivsel for 530 elevar. Meir informasjon om skulen finn du på flora.vgs.no. 

Frå 010820 har vi ledig stilling som minoritetsspråkleg assistent og miljøarbeidar

Stillinga inngår i skulen sitt  arbeid med både fagleg og sosial integrering og meistring for elevar. Til stillinga ligg både elevretta og klassemiljøretta aktivitet mot elevarfagleg og sosialt. Minoritetsspråkleg assistent og miljøarbeidar deltek i skulen sine sosialpedagogiske team og som bidragsyter i intern kompetanseheving og utvikling. Skulen gjev tilbod på både både innanfor vanleg skuletid og på ettermiddag/kveld. 

Arbeidsoppgåver

  • Minoritetsspråkleg assistent/miljøarbeidar jobber spesielt med å leggje til rette for mestring både fagleg og sosialt for elevar med minoritetsbakgrunn både som elevar og i overgangen til lære. Som miljøarbeidar vert ein og tillagt arbeidsoppgåver mot heile elevgruppa generelt. 
  • Som minoritetsspråkleg assistent/miljøarbeidar følgjer du elevane både i klasser og i friminutt, samt er med på skulen sine tiltak utanom ordinær skuletid.
  • I arbeidet ligg det både dialog med minoritets- og majoritetselevar i arbeidet med å utvikle gode klassemiljø, samt samarbeid med føresette 
  • Det er tett samarbeid med faglærar/kontaktlærar kring fag, einskildelevar og klassemiljø
  • Delta i sosialpedagogiske teamarbeid og klassemøte

Vi ønskjer ein fagutdanna elevassistent/miljøarbeidar med variert språkkompetanse og kulturerfaring. 

  • Fagarbeidarbakgrunn eller tilsvarande innan arbeid med ungdom/skule
  • Variert språkkompetanse
  • Variert kulturerfaring
  • Meistre norsk - skriftleg og munnleg
  • Kjennskap til eller erfaring frå norsk skulesystem

Sjå lenke for meir informasjon og for å søke:

https://4170735336.webcruiter.no/Main/Recruit/Public/4227852312?language=NN&link_source_id=0&fbclid=IwAR1FdJvpBeuVojndjgvuNH-BnDNt4jGLgktn9sPwpu5_5WTBML9u_5fLLwE