Flora vidaregåande skule
Byggfag

Foto: Kjetil Vetrhus

Ledig stilling som lærling i byggdrifterfaget

Bygge- og eigedomstenesta i Sogndal har ledig lærlingstilling i byggdriftarfaget. Søknadsfrist 10.03.2019 

Om stillingen: Sogn og Fjordane fylkeskommune, bygge- og eigedomstenesta, har ein stilling ledig i Sogndal for lærling i byggdriftarfaget frå august 2019.

Du er ein person som likar eit hektisk arbeidsmiljø, tek initiativ, søkjer informasjon og likar utfordrande arbeidsoppgåver. Vi kan tilby deg variert og allsidig opplæring og praksis i samsvar med læreplanen for faget.

Arbeidsstokken i fylkeskommunen skal spegla mangfaldet i befolkninga. Det er derfor eit mål å oppnå ein balasert alders- og kjønnssamansetjing, og rekruttere personar med minoritetsbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne.

Om arbeidsgiver: Sogn og Fjordane fylkeskommune kan tilby eit stort spekter av stillingar knytt til både tenesteyting og utviklingsoppgåver. Vi har ansvar for vidaregåande opplæring, kulturtiltak, tannhelse, kollektivtrafikk, fylkesveg, næringsutvikling og regional planlegging. Vi har 1400 tilsette og eit årleg driftsbudsjett på 3 mrd. kroner.

Kvalifikasjonar: Bestått Vg1 i Bygg- og anleggsteknikk. Det er også mogeleg å søkje om du har bestått Vg1 og Vg2 i anna studieretning, til dømes elektrofag.

Lenke til utlysning: http://rubrikk.sfj.no/vis/stillingledig/3483751

 

Tips ein ven Skriv ut