Flora vidaregåande skule
kvannhovden fyrtårn i skumring

kvannhovden fyrtårn i skumring

Ledig stilling som pedagogisk utviklingsleiar frå 01.08.17

Spanande jobb kor du, i samarbeid med leiargruppa, tilsette og elevar, initiere og følgje opp både einskildprosjekt og det kontinuerlege kvalitetsutviklingsarbeidet i læringsfellesskapet på skulen.

Til dette arbeidet søkjer skulen etter ein person med interesse for fag- og skuleutvikling, relevant fagleg bakgrunn og relevante personlege eigenskapar. Det vert og tillagt undervisning til stillinga, og den som vert tilsett må ha undervisningskompetanse i fag som skulen tilbyr.

Skulen skal heile tida vurdere den pedagogiske verksemda si, og drive kvalitetsutvikling mot både sentralt og lokalt utforma målsetjingar. I eit slikt arbeid skal ein hente ut ressursar som ligg i skulen i dag, samt tilføre ny kunnskap inn i organisasjonen, som til saman skal gi grunnlag for kvalitetsutvikling i profesjonsfellesskapet. Leiing i skulen vert best når den skjer i ein kontinuerleg dialog og samarbeid med dei som driv opplæringa i klasserom, på verkstad og i bedrift. Til dette arbeidet krevst det både vilje til å skaffe seg faginnsikt, samt ha driv og gode relasjonelle ferdigheiter der ein ser både moglegheiter og utfordringar på dei ulike opplæringsarenaene.

Utviklingsleiaren sitt verdigrunnlag i møte med arbeidsoppgåvene er eit elevsyn prega av inkludering og tro på elevane sitt læringspotensiale. Gjennom ei rettleiande veremåte skal utviklingsleiaren leggje til rette for fagutvikling for heile skulen gjennom samarbeid i grupper og med einskildmedarbeidarar.

Mange tiltak i skulen vert lanserte som prosjekt, og ein ønskjer ein utviklingsleiar som i samarbeid med lærarar og leiing kan planlegge, drive og evaluere utviklingsprosjekt. Flora vidaregåande skule har sju ulike programområde og utviklingsarbeid skal spegle både det som er felles og det som fagleg er knytt til einskilde programområde.

Utviklingsleiaren vert tildelt personalansvar for ei gruppe tilsette, og inngår i leiargruppa ved skulen. Fagansvar for pedagogisk personale er fordelt i leiargruppa, og utviklingsleiaren skal samarbeid tett med dei andre i leiargruppa. Gjennom samarbeid i leiargruppa vert dei ulike leiingsområda koordinerte, og leiargruppa er ein plass for både refleksjon, planlegging og koordinering. Undervisningsdelen av stillinga utgjer om lag 30-40%.

 

For alle stillingane gjeld vanlege fylkeskommunale tilsetjingsvilkår. Hjelp til å skaffe bustad og flytteutgifter dekka etter gjeldande reglar. 6 månaders prøvetid. Ved tilsetjing vert det sett krav om politiattest som ikkje er eldre enn 3 månader, men slik attest skal ikkje følgje søknaden.

 

Ta kontakt med skulen v/rektor (41 53 06 84) for nærare informasjon.

Søknadsfrist 20.04.17

 

Lenke til søknadsskjema (stillinga vert tilgjengeleg for søking 3/4).