Flora vidaregåande skule
Vestland stillingsannonse

Ledig stilling

100% fast stilling som avdelingsleiar for helse/oppvekst og idrettsfag.

Søknadsfrist 16.04.20

Flora vidaregåande skule, ligg i Florø og har sju utdanningsprogram innan både studieførebuande- og yrkesfag. Vi er om lag 100 tilsette som kvar dag bidreg til læring, inspirasjon og trivsel for 530 elevar.  Meir informasjon om skulen finn du på flora.vgs.no. 

Frå 010820 har vi ledig stilling som avdelingsleiar for helse-/oppvekst- og idrettsfag.

Stillinga inngår i leiargruppa, og i tillegg til avdelingsansvar ligg det fellesoppgåver knytt til skulemiljø, sosialpedagogisk arbeid og undervisning i relevante fag. 

Stillingsstorleiken er 100%, og til stillinga ligg det:

  • Personal- og fagansvar for lærarar inn helse- og oppvekst og Idrettsfag samt for ulike funksjonar innan skulen sitt skulemiljø og sosialpedagogiske arbeid
  • Oppfølgingsansvar for klassar innan fagområda
  • Undervisning i relevante fag - omlag 40%. Den som vert tilsett må såleis både ha fag- og pedagogisk kompetanse 
  • Deltaking i felles arbeid i leiargruppa
  • Deltaking i felles leiar- og kompetanseutvikling 

 

Søk på stilling ved å klikke på lenka:

https://4170735336.webcruiter.no/Main/Recruit/Public/4218402633?language=NN&link_source_id=0&fbclid=IwAR3t5x6p_w7PvrO0WTbEtF1icKXzTChZumOyLvaymozeeJCChWYFubRnaO0