Flora vidaregåande skule
Vestland stillingsannonse

Ledig stilling

100% fast stilling som avdelingsleiar for språk- og samfunnsfag. Søknadsfrist 16.04.20

Flora vidaregåande skule, ligg i Florø og har sju utdanningsprogram innan både studieførebuande- og yrkesfag. Vi er omlag 100 tilsette som kvar dag bidreg til læring, inspirasjon og trivsel for 530 elevar. Meir informasjon om skulen finn du på flora.vgs.no. 

Frå 010820 har vi ledig stilling som avdelingsleiar for språk- og samfunnsfag.

Stillinga inngår i leiargruppa og i tillegg til avdelingsansvar ligg det fellesoppgåver knytt til m.a. utviklingsarbeid, internasjonalisering og undervisning i relevante fag. 

Stillingsstorleiken er 100%, og til stillinga ligg det:

  • Personal- og fagansvar for lærarar inn språk- og samfunnsfag
  • Oppfølgingsansvar for klassar innan studiespesialisering
  • Undervisning i relevante fag i omlag 40%. Den som vert tilsett må såleis både har fag- og pedagogisk kompetanse 
  • Deltaking i det felles arbeidet i leiargruppa
  • Deltaking i felles leiar- og kompetanseutvikling 

Søk ved å gå inn på lenka:

https://4170735336.webcruiter.no/Main/Recruit/Public/4218526114?language=NN&link_source_id=0&fbclid=IwAR1WcmvKnUKdTDybwJjPGhcDuNHDFNfzg0Jpb1Yax-zEzKzAxv7ibx8_y3A