Flora vidaregåande skule
Ledig stilling

Ledige stillingar: 100% stilling innan filologiske fag og fleire stillingar som reinhaldar

Frå 01.08.19 har skulen ledig 100% stilling innan filologiske fag.

Frå 01.09.19 har skulen ledig fleire stillingar som reinhaldar.

Søknadsfrist 19 mai 2019

Om stillingane:

100% Filologiske fag – norsk og andre relevante språkfag eller samfunnsfag: Annonsekode 3494585

Fra 01.08.19 har skulen ledig 100% stilling innan filologiske fag. Til stillinga vert det lagt undervisning i norsk og relevante språkfag eller samfunnsfag.

Arbeidsoppgåver

  • Hovudtyngda i stillinga er undervisning i norsk. Stillinga vert og tillagt undervisning i andre relevante filologiske fag som skulen har behov for.

Kvalifikasjonar

  • Krav til kompetanse
  • Undervisningskompetanse i norsk og andre relevante språk- og samfunnsfag.
  • Pedagogisk utdanning

For meir informasjon, sjå link: http://rubrikk.sfj.no/vis/stillingledig/3494585

Ledige stillingar som reinhalder: Annonsekode 3494568

Frå 01.09.19 har skulen ledig fleire stillingar som reinhaldar. Fylkeskommunen prioriterer og legg til rette for heile stillingar. Samla ressurs kan såleis verte nytta til ei heil og ei halv stilling. Det vert tillagt arbeidsoppgåver på alle av fylkeskommunen sine bygg knytt til skuledrifta.

Nærare om stillinga

Flora vgs søkjer etter serviceinnstilte medarbeidarar med erfaring frå reinhaldsarbeid og bruk av ulike reinhaldsmaskiner. Vi ønskjer primært fagbrev, men relevant erfaring og eigenskapar vert og tillagt vekt.

  • Erfaring frå liknande arbeid
  • Du må være løysingsorientert
  • Kunne arbeide sjølvstendig
  • Ha funksjonelle norskkunnskapar og være ein person med gode og positive haldningar
  • Vere positiv til ungdom
  • Vere rollebevisst som vaksenperson skulemiljøet
  • Vere kvalitetsbevist og ansvarsfull

For meir informasjon, sjå link: http://rubrikk.sfj.no/vis/stillingledig/3494568

 

Tips ein ven Skriv ut