Flora vidaregåande skule
elev forran pc med ei skriveoppgåve

Foto: Flora vgs

Ledige stillingar som IKT-lærlingar! Søknadsfrist 01.03

8 ledige stillingar som IKT-lærling!

IKT drifts- og utviklingstenesta i Sogn og Fjordane fylkeskommune skal ta inn inntil åtte IKT-lærlingar.

Ynskjer du ein spanande lærestad i faga IKT-servicefag eller dataelektronikar? Då kan vi tilby læreplass hjå IKT drifts- og utviklingstenesta i Sogn og Fjordane fylkeskommune. Vi har til ei kvar tid ca. 15 lærlingar i staben. I år skal vi ta inn inntil 8 nye lærlingar. 

IKT drifts- og utviklingstenesta leverer ikt-tenester til ca. 1400 tilsette og 4500 elevar i fylkeskommunen og har arbeidsoppgåver som drift, utvikling og brukarhjelp knytt til tenester innan server, applikasjon, datanettverk, klientutstyr og samhandlingsløysingar.

Lærling-plassane vert tildelt på følgjande lokasjonar:

  • Årdal vidaregåande skule, Årdal 
  • Sogndal vidaregåande skule, Sogndal 
  • Eid vidaregåande skule, Nordfjordeid
  • Flora vidaregåande skule, Florø
  • Hafstad/Mo og Øyrane vidaregåande skule, Førde 
  • Stryn vidaregåande skule, Stryn 
  • Fylkeshuset, Leikanger

Fullstendig utlysningstekst her: http://rubrikk.sfj.no/vis/stillingledig/3482321