Flora vidaregåande skule
Adm. dir. i Nordea held opp eit bilete av Malin Askevold Helle

Adm. dir. i Nordea held opp eit bilete av Malin Askevold Helle

Malin frå Flora vgs deltek på "Leiar for ein dag"

Sorre Storset, adm.dir. i  Nordea Norge, får torsdag 27/10 selskap av det unge talentet Malin Askevold Helle frå Florø.

Torsdag 27. oktober skal unge leiartalent få eit unikt innblikk i korleis statsrådar, konsernsjefar, direktørar og vaskeekte gründerar styrer sine verksemder. Det er duka for Leder for en dag! 

I en alder av 17 år starta Malin Askevold Helle ungdomsbedrifta aDABt UB saman med medelevar på Flora videregåande skule. I rolla som salgssjef utmerka ho seg som ein av dei aller dyktigaste. Torsdag 27. oktober skal den unge jenta ”skygge” administrerende direktør i Nordea Norge, Snorre Storset, gjennom arbeidsdagen.

 – Eg var salssjef i ungdomsbedrifta, noko som var utruleg lærerikt når det kom til leiing, sal, samarbeid med ulike typer menneske og kontakt med samarbeidspartnarar, seier Malin. aDABt UB leverte og installerte DAB-adapterar og DAB-produkt. 

Kvart år driv om lag 12 000 elevar og studentar bedrifter i regi av Ungt Entreprenørskap. Nokre av desse utmerkar seg som spesielt talentfulle. Torsdag kjem 32 talent frå heile landet for å delta på Leder for en dag. 

Får verdifulle erfaringar 
NAV-direktør Sigrun Vågeng er en av leiarane som deltek. Ho skal ha med seg Camilla Sponnich (17) gjennom arbeidsdagen.

– Det er de som er unge i dag som skal finne nye løsninger på samfunnets utfordringer. Gjennom å drive Ungdomsbedrift får ungdom prøve seg på reelle utfordringer i det virkelige liv. Erfaringen de får med seg er gull verdt, så dette vil jeg støtte opp om, sier Vågeng. Camilla var markeds- og økonomiansvarleg i ungdomsbedrifta Lykkedagen UB. Bedrifta mottok blant anna pris for sitt IA-arbeid. 

Innovatørar trengs overalt
Ungt Entreprenørskap og ManpowerGroup står saman bak initiativet, og det er fjortande året på rad Leder for en dag vert arrangert. 

– Både offentlige og private virksomheter har behov for mennesker som evner å tenke nytt og skape verdier. Innovatører trengs overalt! Da må vi ha et utdanningssystem som svarer på samfunnets kompetansebehov. Flere unge må få kreativitet, samarbeid og innovasjonsprosesser som del av utdanningen sin, sier Anne Kathrine Slungård, administrerende direktør i Ungt Entreprenørskap Norge. 

Innovasjon og entreprenørskap blir vektlagt i nye læreplaner
I sommar og haust har Ungt Entreprenørskap jobba for at innovasjon og kreativitet skal få en tydeleg plass i de nye læreplanane som er under utvikling akkurat no. I handsaminga av  Stortingsmelding 28 stilte eit fleirtal seg bak forslaget "Stortinget ber regjeringa syte føre at innovasjons- og entreprenørskapskompetanse blir vektlakt og inkludert i fornyinga av fag- og læreplanarbeidet". 

Leiar og den som skal skygge møtast til samankomst på Stortinget torsdag klokka 16.00 - 17.30. Pressa er velkomne (påmelding til  wenche@ue.no). 

PRESSE
Bilete av leiarar og elevar ligg på Flickr  HER
Pressekontakt: Wenche Wærner, kommunikasjonsansvarleg Ungt Entreprenørskap Norge, mobil 93 43 78 00

Frå: http://www.ue.no/Sogn-og-Fjordane/Nyheter/Malin-fraa-Flora-vgs-deltek-paa-Leiar-for-ein-dag/(language)/nor-NO