Flora vidaregåande skule
Marthe Teigen Refsnes

Marthe Teigen Refsnes er ny leiar i Ungdomspolitisk utval i Sogn og Fjordane.

Lise Horpen, Marthe Teigen Refsnes og Leander Sunde er tre av medlemmane i ungdomspolitisk utval for 2019/20. Sofie Krumsvik og Mathilde Tjønneland var ikkje tilstades då biletet vart teke. Foto: Guro Høyvik/Sogn og Fjordane fylkeskommune

Den nyvalgte leiaren av ungodmspolitisk utval i Sogn og Fjordane er Marthe Teigen Refsnes. Ho går første året studiespesialiserande ved Flora vidaregåande skule, og har også representert skulen ved Ungdomens bystyre sidan hausten 2018.

Marthe er ein engasjert ungdom som er opptatt av at ungdomen skal bli høyrd. Politiske saker ho brenner spesielt for er stemmerett for 16-åringar, klima og fritt skuleval.

Vi ynskjer Marthe lukke til som leiar!

Link til Sak i Framtida.no:https://framtida.no/2019/04/21/-ungdomen-ma-bli-hoyrd

 

Tips ein ven Skriv ut