
Foto: Flora vgs
Miljøarbeid
Nancy Karina Ochoa de Leon jobbar som miljøkoordinator ved skulen.
Miljøkoordinator har tre hovudoppgåver: Forebyggande arbeid, kontaktskapande arbeid og sosialpedagogisk arbeid.
Nancy har såleis ansvaret for mykje av aktivitetane som skjer på skulen som open kjeller, aktivitetsdag, skidag, opplegg for hybelbuarar i tillegg til å følge opp elevrådet. Miljøkoordinator Nancy Ochoa er tilgjengeleg for elevane i skuletida.
Miljøkoordinator jobbar i team med helsesøster og rådgjevarane på skulen. Har du lyst til å slå av ein prat - eller treng hjelp med noko i skulekvardag eller fritid - er du velkommen innom kontoret.
Om du ikkje treff Nancy i gangane, kan du sjå på kontoret, ringe eller sende ho ein epost.