Flora vidaregåande skule
Minoritetsrådgjevar

Minoritetsrådgjevar

Line Sunde Kvalheim er minoritetsrådgjevar. Ho har til dagleg arbeidsplass ved Eid vidaregåande skule, men er tilgjengeleg for elevar, føresette og tilsette ved alle dei vidaregåande skulane i Sogn og Fjordane

Line Sunde Kvalheim er minoritetsrådgjevar tilsett i Integrerings -og mangfaldsdirektoratet (IMDi). Ho har til dagleg arbeidsplass ved Eid vidaregåande skule, men er tilgjengeleg for elevar, føresette og tilsette ved alle dei vidaregåande skulane i Sogn og Fjordane.

Hennar kontaktinfo er:

Line Sunde Kvalheim: line.sunde.kvalheim@sfj.no Tlf: 97561738

Line skal hjelpe elevar med minoritetsbakgrunn og elevar som synest det kan vere vanskeleg å leve mellom ulike kulturar. Særleg skal ho hjelpe elevar som opplever å bli utsette for ekstrem kontroll, som er redde for å bli etterlatne i utlandet mot vilja si, som fryktar for å bli utsette for tvangsekteskap eller kjønnslemlesting, eller som har opplevd noko av dette tidlegare.

Minoritetrådgjevaren har teieplikt.

Døme på spørsmål elevar kan kome til minoritetsrådgjevaren med:

  • Problem med venner
  • Konflikt med foreldre, søsken eller andre i familien
  • Bekymring for ein venn eller ei veninne i ein vanskeleg situasjon
  • Spørsmål rundt negativ sosial kontroll, forloving og ekteskap
  • Frykt for tvangsekteskap eller kjønnslemlesting
  • Bekymring kring utanlandsreiser
  • Mistrivsel på skulen
  • Integreringsutfordringar

Føresette er velkomne til å ta kontakt om mellom anna:

  • Borna sin skulekvardag
  • Bekymringar for borna
  • Foreldrerolla i Noreg
Tips ein ven Skriv ut