NAV illustrasjon

NAV illustrasjon

NAV-rettleiar på Flora VGS

Vi jobbar for å halde alle elevane våre i skulen. Som ei forsterkning har vi fått NAV rettleiar Monica Pedersen som har kontor på Flora vgs 4 dagar i veka.

Ein tredjedel av norsk ungdom fullfører ikkje vidaregåande skule. Desse ungdommane får problem med å komme seg inn på arbeidsmarknaden.
NAV samarbeider med skulesektoren for å førebygge fråfall og hjelpe elevar med å gjennomføre vidaregåande opplæring.

Forsøk med NAV-rettleiar i vidaregåande skule er et samarbeidsprosjekt mellom Arbeids- og velferdsdirektoratet og Utdanningsdirektoratet, der ein testar ut ein ny modell for samarbeid mellom skulesektoren og NAV. Hovudformålet er å førebygge fråfall og integrere ungdom i arbeidslivet.

Kva gjer NAV-rettleiaren på skulen?

NAV-rettleiaren er der for å hjelpe elevene med å fullføre skule.

Kva kan NAV-rettleiaren tilby?

  • NAV-rettleiaren kan gje råd, rettleiing og oppfølging i forbindelse med utdanning og karriere, arbeidstrening, mogelegheitane på arbeidsmarknaden og overgangen frå skule til arbeid.
  • NAV-rettleiaren kan hjelpe til med utanomfaglege utfordingar som gjer det vanskeleg å konsentrere seg om skule, som bustad, heimeforhold, økonomi og andre forhold knytt til livssituasjonen.
  • NAV-rettleiaren koordinerer mot andre instansar. Det gjer det enklare for eleven å konsentrere seg om skule.
  • NAV-rettleiaren samarbeider tett med skulen, det betyr at all hjelp koordinerast og sjåast i samanheng.
  • NAV-rettleiaren er på skulen, eleven treng ikkje oppsøkje NAV-kontoret.
  • NAV-rettleiaren har teieplikt.

Målgruppe

Ungdom mellom 15-21 år som står i fare for å droppe ut av vidaregåande opplæring.

Korleis er det organisert?

NAV- rettleiaren er på skulen fire dagar i veka, tysdag – fredag. NAV-rettleiaren har kontor i nærleiken av biblioteket. Rettleiaren er ein del av rådgjevingsteamet ved skulen. NAV samarbeider i tillegg med andre etatar og hjelpeinstansar, som arbeidslivet, barnevernet og oppfølgingstenesta (OT).
Oppfølginga av elevane kan bestå av tenester frå NAV aleine, eller i kominasjon med individuelt tilrettelagt opplæring frå utdanningssektoren.