Flora vidaregåande skule
Draumeskulen 1

NYHEIT!

Flora vgs er blitt ein del av Draumeskulen!

NYHEIT!

Flora vgs blitt ein del av Draumeskulen😁

DRAUMESKULE: Dette er ein modell mange skular rundt i landet brukar for å jobbe systematisk med det psykososiale læringsmiljøet på skulen, ut i frå eit helsefremmande perspektiv. Målet med dette tiltaket er å styrke elevane si tilhøyring, medverknad og motivasjon. Med andre ord er Draumeskulen eit tiltak for å fremme tryggleik, fellesskap og glede ved å gå på skulen.
Draumeskulen 2_560x240.jpg
ELEVMENTORAR: Kjernen i modellen er elevmentorar. Alle VG1-klassar får 2 elevmentorar kvar. Mentorane består av elevar frå VG2/VG3, og skal bidra til at elevane føler seg sett og ivaretatt. Dei skal blant anna ta i mot elevane når dei startar på skulen. Dei skal bidra til samhold og gode relasjonar i klassen og dei skal være med på å lage aktivitetar og samlingar. Samlingane består av Draumeklassen 1 og 2. Ynskjer du å bli elevmentor? Skriv ein liten tekst til Nancy på Teams.
 
RESSURSGRUPPA: Ressursgruppa på skulen består av 2 representantar av mentorane, saman med Ingunn (rådgjevar), Remco (lærar), Nancy (miljøkoordinator) og Tine (informasjonsmedarb./bibliotekar). Ressursgruppa har ansvar for opplæring, implementering og gjennomføring. Dei skal jobbe med årshjulet i Draumeskulen, dei skal planlegge og delta på ulike aktivitetar gjennom skuleåret og støtte mentorane i arbeidet. Vi har allereie mange aktivitetar og desse vil bli implementert i Draumeskulen.
KONTAKTLÆRARAR: Kontaktlærarane i VG1 har ansvar for å skape rom, tid og ein positiv innstillig til Draumeskulen. Dei skal delta i Draumeklassen 1 og 2, og dei har ansvar for oppfølging.
Draumeskulen 3_560x240.jpg
DRAUMEKLASSEN: Draumeklassen 1 er eit opplegg over 3 timar den første skuleveka i august. Ressursgruppa med mentorar og kontaktlærarar leiar samlinga, og gjennom den deltar elevane på ulike oppgåver og aktivitetar som gir dei reiskap for eit godt læringsmiljø og for at alle skal ha det bra i klassen. Draumeskulen 2 er eit opplegg som skal gjennomførast i januar/februar. Det går over 2,5 time og klassen skal saman med kontaktlærar og ressursgruppa vurdere klassemiljøet og jobbe med nye mål for klassen.

Vi i ressursgruppa gleder oss til å ta fatt på arbeidet med Draumeskulen. Alle elevar fortener ein god skulestart og ein godt klassemiljø. Med Draumeskulen får vi etablert rammer og reiskap som vil hjelpe oss med nettopp dette!
Vi ynskjer alle VG1 elevar velkomne til Flora vgs, ein Draumeskule, til hausten!

Link til meir informasjon om Draumeskulen:
https://www.vfb.no/produkter-og-tjenester/skoleprogrammer/drommeskolen-2/om-drommeskolen/