Hospitering

MicrosoftTeams-image (107).png

24-25. oktober vil vi ynskje 10. klasse velkomne til hospitering ved Flora vgs.

Dette er hovudsakleg eit tilbod til elevar som har Flora vgs. som nærskule. Andre elevar er velkomne, spesielt på retningar som ikkje finnast på deira næraste skule (for eksempel kan det vere idrettsfag)

Vi har sju studieprogram de kan velje mellom og bed om at skulane melder på elevar innan 4.oktober.

Generell info:
Elevane møter på skulen mandag kl 08.45. Dei kan gjerne kome noko før, slik at ikkje alle kjem samtidig. Skuledagen er ferdig kl 13.50. (viss ikkje anna er avtalt). 

Hospitantar på idrettsfag må ta med treningstøy begge dagar.

Elevane må sette opp minimum eitt ønskje for kva program dei ønskjer å hospitere på. Det er avgrensa plassar på kvar studieretning, så enkelte må kanskje hospitere på andrevalet sitt. Vi oppmodar elevane om å melde seg på retningar som er reelle val å søke i vg1.

 

Ta kontakt med rådgjevar Tone Erdal dersom de har spørsmål til hospiteringa.

 

Kontaktinfo: tone.berqvam.erdal@vlfk.no tlf 41530680

Informasjon om tilbodet vårt :  

 

Her på heimesida vår kan de lese meir om dei ulike studietilboda vår. Vi har og instagram, facebook og snapchatkonto som interesserte elevar gjerne kan følgje.

 

Tilbodet på hospitering:


Studiespesialisering (realfag og språk/økonomi/samfunnsfag).
Her får du innsyn i korleis kvardagen er for dei som seinare tek sikte på ei utdanning på høgskule eller universitet. Det er hovudsakleg lagt opp til teoretisk undervisning.

Sal, service og reiseliv
Dette er ei linje kor du har ein god del teori, men teori som er knytt mot praksis. Mellom anna har dei arbeidspraksis ein dag i veka både på vg1 og vg2. Du lærer til dømes om korleis du skal kommunisere godt med kundar, sette opp enkle rekneskap og budsjett. Vi lager reklame og utstillingar. Du får vite om kva praksis som er mogleg innanfor linja.

Helse og oppvekst. Barn og ungdom + helsearbeidarfaget. 
Du vil få innblikk i begge linjene Flora vgs tilbyr på vg2 (Barn og ungdom + helsefagarbeider). Det vert lagt opp til praktiske øvingar, i tillegg til at du får lære relevant teori om t.d. kosthald, pedagogikk og om anatomi (læra om kroppen). 

Elektro og datateknologi
På elektro vil du få innblikk i enkel teori slik at du skal unngå t.d. støt eller andre farlege situasjonar;-) Det vert lagt opp til arbeidsstasjonar slik at du får prøve deg som elektrikar, automatikar, du får lodde og kople. 

Bygg og anleggsteknikk
Byggfag vil i all hovudsak legge opp til praktiske øvingar innan tømring, røyrlegging og ventilasjon. Du vil også lære om andre moglegheiter innan denne linja og kva som skal til for å bli ein god fagarbeidar.

Idrettsfag. 
I tillegg må du hugse at dette er ei linje som gjev studiespesialisering - så du vil også få informasjon og undervisning om/i programfag. Du vil også få innblikk i dei teoretiske idrettsfaga som t.d. treningslære. Her må du sjølvsagt ha med treningstøy begge dagane.

Teknikk og industrifag
Ei linje som gjev moglegheit til fagbrev i over 60 fag! Vi kan sjølvsagt ikkje gi deg innblikk i alle desse, men vil rette praktiske øvingar opp til dei faga som gjev flest moglegheiter lokalt. Ein får for eksempel prøve sveising. Flora vgs tilbyr vg2 kurs i industriteknikk