Hopp til hovedinnhold

Rådgjevar - entreprenørskapsutvikling - Malawi

Kontrakt på 100% stilling i 13 mnd, oppstart i Februar 2023. Søknadsfrist 17.11.22

Flora Vidaregåande Skule samarbeider med Youth Code (tidlegare Nkhotakota Youth Organisation- NYO) om fleire entreprenørskapsprosjekt i Nkhotakota District i Malawi. Skulen har arbeid med desse prosjekta sidan 2012. Gjennom Norec (tidlegare Fredskorpset) får vi finansiert samla to stillingar som skal støtte utviklinga gjennom sin kompetanse. Målet vårt er å skape økonomisk bærekraft i prosjekta våre og betre levevilkåra og miljøet for innbyggarar i Nkhotakota . Vi er på god veg, men det nok av utfordringar å ta i frå. Frå 14. februar 2023 treng vi driftige personar som kan ta til i dette arbeidet.

Lenke til: Annonse

Malawi vert ofte referert til som «The warm heart of Africa» er kjend for sitt vennlege folk og for ei stor vidde i naturopplevingar. Nkhotakota District har 350,000 innbyggarar og ligg ved breidda av Lake Malawi, Afrikas 3. største innsjø. I kommunesenteret som ligg ved innsjøen bur det kring 35,000 innbyggarar, der er ein innhaldsrik marknad, restaurantar, butikkar og kort veg til lodgar med flotte strender. Deltakarane disponerer eigen bustad.