Hopp til hovedinnhold

Velkomen til eit nytt skuleår ved Flora vgs!

Informasjon til elevar og føresette

Velkomen!

Måndag 15.08 startar skuleåret 2022-23 og vi gler oss til å ta imot alle, og bli kjent med kvar og ein!

Elevar VG1: Du vil bli kontakta av kontaktlærar på SMS veka før skulestart. Der vil du og føresette få eit tidspunkt om eit individuelt møte med lærar måndag. Møtet blir på ca 20 minutt pr elev. Når du kjem til skulen vil Elevmentorar vere tilgjengelege i fellesarealet for spørsmål, vise veg til klasserom og ha omvisning på skuleområdet. Etter møtet kan ein rusle rundt og bli kjent med skulen. Tysdag er det oppmøte kl. 08.45  

Elevar VG1 Bygg og anleggsteknik, Elektro og datateknologi og Teknologi og industrifag: Ein finner utstyrsliste under fana "Utdanningstilboda våre".

Elevar VG2: Måndag er det oppmøte kl 09.00. Skuledagen varar til kl 14.00. Tysdag er det vanleg skuledag etter timeplan, oppmøte kl. 08.45

Elevar VG3: Måndag er det oppmøte kl 10.30. Skuledagen varar til kl 15.30. Tysdag er det vanleg skuledag etter timeplan, oppmøte kl. 08.45

Då vil vi få ynskje alle hjarteleg velkomen til fyrste skuledag.

 

Praktisk informasjon:

Søk Lånekassen om stipend/lån: Lenke til Lånekassen

  • Alle som går på vidaregåande skule har rett på utstyrsstipend. Summen vil variere avhengig av kva utdanningsprogram du skal gå på.
  • Har foreldra dine svært låg inntekt, kan du ha rett til meir stipend.
  • Hybelbuarar med over 40 km reiseveg, eller reisetid på meir enn 3 timar om dagen, eller andre særlege årsakar til at dei ikkje kan bu heime, har rett på bortebuarstipend.
  • Du kan søke om stipend/lån no. Lånekassen behandlar saka så snart du har fått bekrefta skuleplass.

 

Avtale om lån av læremiddel: Lenke til Lånekontrakt elev

  • Du kan låne bøker til utdanninga di på vidaregåande skule gratis. Dette krev at du signerar på ein låneavtale med fylkeskommunen.
  • Dersom elev er under 18 år, må også føresett signere på avtalen.
  • Klikk på lenke og eleven loggar seg inn med bank-id, les gjennom avtalen og signerar digitalt.
  • Når elev har signert, vil det gå ein sms til telefonnummeret til den føresette elev har oppgjeve under si signering. Sms vil innehalde ei lenke. Den føresette må klikke på lenka, logge seg inn med bank-id og signere avtalen digitalt.

 

Bestilling av elev-pc: Lenke til Elev-PC Vestland Fylkeskommune

  • Tilbodet gjeld kun for vg 1 -elevar. Du vil difor ikkje få tilbod om kjøp av elev-pc med rabattert pris gjennom fylkeskommunen i vg 2 eller vg 3.
  • Ved bestilling er det elev som må logge seg inn for å bestille. Dersom andre enn vg1-elev med bekrefta skuleplass loggar seg inn, vil ikkje bestillinga bli godkjent.
  • Obs: Elevar ved Elektro- og datateknologi: PC-en som elevane skal bruke bør ikkje være av typen MAC eller Cromebook. Nokre av 
    programma som elevane skal bruke, fungerar ikkje på Mac eller Cromebook.

 

Elevar med rett til skuleskyss må bestille dette her: Lenke til Skyss.no

  • Elevar som ikkje har hatt skuleskysskort på vidaregåande skule tidlegare, vil få nytt kort utlevert på skulen i løpet av dei første vekene etter skulestart.
  • Elevar på vg 2 og vg 3 som skal vidareføre skuleskyssen sin, brukar det skuleskysskortet som du har fått på vg 1. Kortet blir deaktivert i sommarferien. Du må aktivere det på nytt inne på lenka.

 

Samtykkeskjema for bilder: Lenke til skjema

  • Elev loggar seg inn med bank-id for å signere.

 

Låsbare skap til bøker og utstyr: Alle elevar får tilbod om å leige eit låsbart skap. Utdeling av skap vil foregå samtidig som ein låner studiebøker. Eit års leige kostar 100,- Kun kontant betaling.

 

Open skule:

Miljøkoordinator Nancy Ochoa De Leon, bibliotekar/informasjonsmedarbeider Tine Holvik og resten av dei tilsette ynskjer deg velkomen til open skule.

Vi har nesten dagleg aktivitetar i fellesarealet eller på sosiale medier. Miljøteamet og miljøkoordinator planlegger desse og får hjelp til å gjennomføre aktivitetane av elevar som stiller i elevrådet og som mentorar i Draumeskule-prosjektet. Elevmentorane vil den fyrste veka vere tilgjengelege i fellesarealet og svarer på spørsmål og hjelper deg om du har behov for det. 

Vekeplanen for aktivitetar for publisert på Facebook, Instagram og Snapchat, i tillegg til på storskjerm i biblioteket. 

Følg gjerne skulen for å sjå kva du kan vere med på: 

Facebook: Flora Vidaregåande Skule

Instagram: floravgs_

Snapchat: floravgs

Kontaktinfo:

Nancy: Tlf 46518241

Tine: Tlf 97168809