Info foreldre

Oppdatert 280820. Info til nye føresette: Velkomen til skulestart 2020-2021

 

Velkomen til skulestart 2020-2021 (oppdatert 280820)

Ny fråværsreglar er vedtke av departementet. Slik melder du fråvær:

Melding om fråværsorsak meldar elevar/føresette til kontaktlærar. 

  • "For fravær av helsegrunner fra og med 24. august 2020 til og med 31. oktober 2020 gjelder ikke kravet til å dokumentere fraværet etter reglene om fraværsgrensen i videregående skole. Elevene må likevel legge frem foreldrebekreftelse eller egenmelding (elever over 18 år)​" Dvs at ALT* fråvær av helsegrunnar som er meldt og eigendokumentert/stadfesta av føresette skal IKKJE telje på fråværsgrensa (10% regelen) når dette vert ført i Skulearena. Denne regelen gjeld for helserelatert fråvær fram til 31.oktober.  For fråvær i første skuleveke 17-21 august fører vi helsefråvær som sjølvstendig studiearbeid om dette ikkje allereie er dokumentert på andre måtar **
  • Fravær av helsegrunner fra og med 24. august til og med 31. oktober 2020 skal ikke føres på elevenes vitnemål eller kompetansebevis. Dette gjelder både for grunnskolen og videregående skole.​ Dvs at ALT* fråvær av helsegrunnar som er meldt og eigendokumentert/stadfesta av føresette skal IKKJE telje på vitnemålet når dette vert før i Skulearena. Denne regelen gjeld for helserelatert fråvær fram til 31.oktober.  For fråvær i første skuleveke 17-21 august fører vi helsefråvær som sjølvstendig studiearbeid om dette ikkje allereie er dokumentert på andre måtar**​ 

* Dvs at dette gjeld IKKJE berre milde luftvegssymptom.  
   Elevar og tilsette med slike symptom skal halde seg heim og kontakte helsevesenet. 
** For fråvær frå og med 24 august vert det krav melding frå føresette eller frå elevar over 18 år som stadfesting på sjukdom. Elevar/føresette må skrive "grunna sjukdom" og ikkje beskrive særlege årsakar når ein lagar til slik eigenmelding. 

Alt fråvær skal meldast kontaklærar. 

Denne informasjonen erstattar felles foreldremøte for føresette på VG1 og VG2 som vanlegvis vert halde på skulen i august/september. Kontaktlærar gjev utdjupande informasjon i samtale.

Kontaktlærar er elev og føresette si primærkontakt.

Kontaktlærar kan svare på dei fleste spørsmål. Om ikkje kan kontaktlærar sende elev/føresette vidare til nokon som kan hjelpe.

 

Informasjon om elev og føresette. 

Elevene må fylle ut digitalt skjema SAMAN med føresette, med informasjon om adresse, e-post adresse og telefonnr. Skjema vert lagt ut i TEAMS måndag 17.08.20. Dersom det er elevar/føresette med skjerma/hemmelege kontaktinformasjon skal dette IKKJE sendast elektronisk. Ta kontakt med kontoret for registrering av desse opplysningane. 

 

Kontaktlærar sine oppgåver

Kontaktlærar har ansvar for dei praktiske, administrative og sosialpedagogiske gjeremåla som gjeld klassen. Kontaktlærar skal arbeide for eit best mogleg klassemiljø. Kontaktlærar skal  syte for at elevar som treng det, får nødvendig hjelp, oppfølging og tilrettelegging. I dette arbeidet skal kontaktlærar halde særleg nær kontakt med foreldre/føresette til umyndige elevar.

 

Samarbeid skule, elev og heimen

Kontaktlærar gjev nærare informasjon om:

  • Kva for faste samtalar har kontaktlærar med eleven?
  • Kva for faste treffpunkt er det mellom føresette og kontaktlærar?
  • Korleis får føresette informasjon om eleven si faglege utvikling? Frå kven?
  • Kva fag skal elevane ha og kven er lærarane?

Vurderingar og fråvær finn ein i Skolearena. Her kan ein ting føresettetilgong.

 

All praktisk informasjon om faga ligg i TEAMS. Her er det ikkje føresettetilgong.

Fag og opplegg -> TEAMS – eleven må vise fram

Prøveplan -> TEAMS – eleven må vise fram

Timeplan -> TEAMS

 

Det vert konferansetimar i løpet av oktober og det vert sendt eigen invitasjon.

 

Skuleruta ligg på www.flora.vgs.no

 

Elevmedverknad

Alle klassane skal velje tillitsvald, og har timeplanlagt faste «klassens time/kontaktlærartime». Elevane skal involverast i fagleg spørsmål, arbeidsformar og vurdering.

 

 

Læringsmiljø

Det er viktig å å hugse at elevar lærar best når dei:

  • kjenner til kva ein skal lære om eit tema og korleis ein skal jobbe med dette.
  • kjenner til kva læraren vektlegg av kunnskapar og ferdigheiter når dei skal  vurdere eleven sine prestasjonar

 

Elevar lærar best når dei spør når noko er vanskeleg. Det er viktig å ikkje sitte passiv når det vert vanskeleg ……

«Eg skjønar ingenting …»

«Eg forstår at … men kva skal eg gjere for?

 

Draumeskulen

Flora vgs blitt ein del av Draumeskulen. Dette er ein modell mange skular rundt i landet brukar for å jobbe systematisk med det psykososiale læringsmiljøet på skulen, ut i frå eit helsefremmande perspektiv. Målet med dette tiltaket er å styrke elevane si tilhøyring, medverknad og motivasjon. Med andre ord er Draumeskulen eit tiltak for å fremme tryggleik, fellesskap og glede ved å gå på skulen. Sjå meir info på heimesida

 

Stipend, lån, skuleskyss:

Kontoret kan svare på spørsmål om dette.

 

Støttefunksjonar

Rådgivarar – sos.ped og yrkesrettleiing: Tone Erdal

Rådgivar – sos.ped: Espen Johannesen

Koordinator for tilrettelagt opplæring: Rita Frøyen

Miljøkoordinator: Nancy Ochoa

 

Randi Ohren er helsesjukepleiar ved skulen.

 

Fagval og fagdokumentasjon.

Pedagogisk leiar– Vivian Norstrand

Yrkes/karriere rådgivar Tone Erdal

 

Fråværsreglar

Elevar har ikkje rett på termin, standpunkt eller årskarakter med enn 10% ikkje dokumentert og ugyldig fråvær. For terminkarakterar 10% av 1.termin for, deretter 10% av årstimane for 2.termin karakterar. For Standpunkt karakter 10% av årstimar.

 

Elevane skal varslast så raskt som mogleg om fare for at 10% kan oppstå. Dette skjer i Skolearena og som brev.

 

Elevar med særleg krevjande livssituasjonar kan etter søknad til rektor verte innvilga at fråværsgrensa i fag skal vere 15%. Dette er ei snever unntaksregel. 

 

Fråversføring

Alt fråvær vert ført i Skulearena og elevane pliktar å melde frå og følgje med på eige fråvær. Etter nærare reglar kan elevar krevje at fråver inntil 10 dagar eit skuleår ikkje vert ført. Du kan krevje dette dersom du nytter eige skjema (flora.vgs.no) og leverer inn dokumentasjon på fråversårsak. Sjå elles Fråversreglementet på flora.vgs.no

 

Fråvær som det kan dokumenterast skuldast:

Helse- og velferdsgrunnar

Arbeid som tillitsvald

Politisk arbeid

Hjelpearbeid

Lovpålagt oppmøte

Representasjon i arrangement på nasjonalt og internasjonalt nivå

Skal ikkje telje på fråværsgrensa

 

 

Oppsummert

Eleven plikter å møte til opplæringa og å delta aktivt og eleven plikter å melde frå med fråvær. Eleven plikter å vise dokumentasjon på studiearbeid eller skuleadministrative gjeremål til faglærar, samt levere denne til kontaktlærar.

 

Eleven plikter å vise dokumentasjon ved fråvær etter §3-47 a til f til kontaktlærar og informere faglærar om at dokumentasjon er forevist DERSOM dette skal gi grunnlag for å trekke frå fråværet på fråværsgrensa.

 

Føresette:

Føresette til elevar under 18 år plikter å bidra til at eleven møter på skulen og elles gir melding til kontaktlærar/skulen ved fråvær. For elevar med kronisk sjuk, plikter føresette til elevar under 18 å bidra med melding for eleven ved slik sjukdom.

 

Dokumentasjon:

Sjuke elevar som treng dokumentasjon må vende seg til fastlegen for dokumentasjon på dagsfråvær.  Elevar frå Flora kommune må møte opp hjå SMS-legesenter. 

 

Fri frå skulen eller fråtrekk for fråvær på vitnemålet

Skulen gjev ikkje fri frå opplæringa. MEN det kan gjevast unntak frå fråværsføring på vitnemålet for SAMLA inntil 10 dagar eit skuleår, dersom fråværet skuldast fråværsgrunnar etter forskrift til Opplæringslova §3-47 a-f.

 

a – Helse og velferd

b - Arbeid som tillitsvald

c - Politisk arbeid

d - Hjelpearbeid

e - Lovpålagt oppmøte

f- Representasjon i arrangement på nasjonalt og internasjonalt nivå

 

Sjølvstendig studiearbeid etter førehandsavtale med lærar/rektor, opptaksprøver o.l. er ikkje fråvær

 

Helse- og velferdsgrunnar (sjukdom frå og med 4.dag i ein sjukdomsperiode kan trekkast frå. Kronikarar kan trekke frå frå 1.dag)

 

Dokumenter fråvær for DELAR av køyreopplæringa

Fra Kunnskapsdepartemenetet: ​
"Trinn 1: Obligatorisk trafikalt grunnkurs på 17 timer​

Trinn 2: 1 obligatorisk veiledningstime som avslutning på trinn 2​

Trinn 3: 4 timers obligatorisk sikkerhetskurs på bane. 1 obligatorisk veiledningstime som avslutning på trinn tre​

Trinn 4: 13 timer obligatorisk sikkerhetskurs på veg, som inkluderer:​

2 timer undervisning i klasserom om bilkjøringens risiko​

5 timer praktisk øving i landeveiskjøring​

4 timers undervisning i planlegging og kjøring i variert trafikkmiljø, hvorav minst 3 timer skal være selvstendig kjøring i variert trafikkmiljø, resterende tid skal benyttes til planlegging og oppsummering​

2 timer refleksjon og oppsummering i klasserom​

Teoretisk og praktisk førerprøve"​

4 + 5 + 4 = 13 timar. Vi må vel gjere det slik at i Skolearena at ein skriv årsak køyreopplæring og kva del det gjeld. og vel "unntas fagfråvær" og det tel då ikkje på 10%.​

Reisetid kan vert og godkjend som dokumentert fråvær. Eleven kan IKKJE søkje om å slette desse timane frå vitnemålet (10-dagarsregelen)​

 

 

Dokumentasjon av sjukdomsfråvær

Når du er sjuk og blir borte frå skulen, må du:

1. Melde frå til skolen / kontaktlærar pr. telefon eller via melding på e-post eller i Teams kor du informerer om at du er sjuk og vert vekke. Kontaktlærar registrerer deg som fråverande denne dagen. Dette tel på fråværsgrensa


2. Er du borte grunna sjukdom og treng å dokumentere fråværet for å sikre deg mot å gå over fråværsgrensa MÅ du: Kontakte og møte til lege SAME dag som du er sjuk for å registrere og dokumentere dette.

 

Eigne reglar i periodar med korona-utbrot:

Elever og ansatte skal selv med milde luftveissymptomer og sykdomsfølelse ikke møte på skolen. De skal holde seg hjemme til de er symptomfrie.

 

Fråværsføring ved karantene / symptom:

Ufrivillig fråvær pga symptom/karantene organiserast som sjølvstendig studiearbeid der eleven arbeider etter planane i TEAMS. Det krevjast ikkje legeerklæring i desse tilfella.

 


3. For kronikararar. For at du skal kunne melde fråvær til skulen grunngjeve i kronisk sjukdom krev dette at du har ein attest som stadfestar at du har kronisk sjukdom som gir auka fare for skulefråvær. Skulen vi krevje at ein slik attest vert skrive ut frå lege for ein kortare eller lengre periode, men oppad avgrensa til eit skuleår om gongen. Denne attesten gjev grunnlag for at eleven kan eigenmelde fråvær knytt til den kroniske sjukdommen. Slikt fråvær vert å melde kontaktlærar om morgonen same dag. Skal du som kronikar ha attest som skal nyttast skuleåret 2019/20, må det skrivast ut ny attest.


4. Er du litt småsjuk eller har ein skade som påverkar t.d. Kroppsøving kan du møte på skulen og snakke med læraren om tilrettelegging av opplegget – slik at du kan vere med mest mogleg.

 

Oppbevaring av dokumentasjon

For å slette fråvær knytt til fråversgrensa skal eleven FOREVISE dokumentasjon. Eleven skal oppbevare denne sjølv. DET VERT FØRT FRÅVÆR MEN DET TEL IKKJE PÅ GRENSA.

 

For å søkje om unntak for fråværsføring på vitnemålet - etter nærare reglar i forskrift til opp.l §3-47, må kopi av dokumentasjon følgje søknaden. Denne dokumentasjonen oppbevarar skulen saman med søknaden. VERT SØKNAD INNVILGA VERT DET IKKJE FØRT FRÅVÆR PÅ VITNEMÅLET.

 

Inntak til neste nivå

Elevar som får ein (1) eller ikkje vurdering (IV) i fleire enn to (2) fag vert ikkje teken til neste trinn som heiltidselev og kjem bakarst i køen til deltidstilbod.

 

Vidare søking til VG2/VG3

Alle fag må være bestått for inntak til VG2 og VG3

Alle må søke og alle konkurrerer på poeng til høgare nivå, om ikkje dei har særlege dokumenterte rettar

 

MEN ein kan være med å konkurrere om inntak med inntil 2 ikkje beståtte fag

Meir ein to ikkje beståtte fag – inntak som delkurselev til eventuelle ledige plassar.

 

Særlege val for elevar:

  • P-matte/T-matte for elevar på VG1
  • Prosjekt til fordjuping på Yrkesfag
  • Informasjon til elevane før dei vel programområde.
  • Informasjon til elevane før dei vel programfag på studiespesialisering og idrett.

 

Byte fag? Fritak for fag?

Spørsmål om byte skjer til Ped. Leiar Vivian Norstrand

Spørsmål om reglar for fritak rettar du til Ped.leiar Vivivan Norstrand

Skjema for å søkje fritak får du på kontoret

 

Omval og fagkarakterar

Ved omval/ skifte av programområde fyrste gong kan ein få fritak for fag ein har bestått med sluttvurdering tidlegare. Om ein vel å ta faget på nytt er det siste karakter som blir teljande, så lenge den er to eller høgare.

 

Ein kan óg søke fritak for fag ein har fått bestått undervegsvurdering i på vg1.

Ved skifte av programområde andre/tredje gong, kan ein ikkje få elevstatus og ny standpunktvurdering i fag ein har fått sluttvurdering i. Ein må søke fritak

 

Elevar som slutter i fag

Må meldast skriftleg til skulen. Kan deretter få ny status som delkurselev. Får ikkje fullverdig kompetanse. Kan få redusert yting frå Lånekassen

 

Prøveplan

Prøvetidspunkt vert lagt ut i Teams og på prøveplanen

 

Elevane sitt psykososiale arbeidsmiljø

Elevar som ikkje trivst på skulen må kontakte kontaktlærar eller rådgjevar. Alle elevar har rett til å ha eit trygt og godt skolemiljø 
som fremjar helse, trivsel og læring. 

Det er elevane si eiga oppleving av korleis dei har det
på skolen, som er avgjerande.



 

Elevar som ikkje har eit trygt og god skulemiljø. §9A.

Alle på skulen pliktar å følgje med, gripe inn, varsle om ein elev ikkje har eit trygt og godt skulemiljø. Skulen skal saman med elev/føresette lage plan for aktivitetar slik at eleven kan få det trygt og godt på skulen (meir info på heimesida)

Føresette og medelevar kan vende seg til kontaktlærar eller til rektor

 

Dersom du meiner at skolen ikkje har gjort nok for å stoppe krenkingar, kan du melde saka til fylkesmannen.
 Først må du ha teke opp saka med rektor på skolen.

Det må ha gått minst ei veke frå du tok opp saka med rektor. Saka må gjelde skolemiljøet på den skolen eleven går på no. Er det helt spesielle tilfelle, kan du uansett ta kontakt med fylkesmannen.

 

Nullmobbing.no


På nullmobbing.no finn du informasjon om
 kva for rettar elevar og foreldre har, kva ein kan gjere dersom ein opplever mobbing, kven ein kan ta kontakt med og korleis melde frå om mobbing  

 

Skulen skal arbeide kontinuerleg og systematisk for å fremje helse, miljø og tryggleik for elevane. 

«Skolene skal ha nulltoleranse mot krenkelser, jf. oppll. § 9 A-3. Eksemplene som nevnes i loven er mobbing, vold, diskriminering og trakassering, men skolene skal ha nulltoleranse også for mindre alvorlige krenkelser. Verken direkte handlinger som for eksempel hatytringer, eller mer indirekte krenkelser, som utestenging, isolering og baksnakking skal tolereres.» 
(Udir 3 – 2017)

 

Mål: Alle elevar skal oppleve eit trygt og godt skulemiljø på skulen, på veg til skulen og innanfor alle aktivitetar i regi av skulen. Konsekvensar av netthets som påverkar eleven på skulen er innan for det skulen skal arbeide med.

Skulemiljø – Opp.l. §9A når ein elev opplever at skulemiljøet ikkje er trygt og godt.

Skolens aktivitetsplikt er delt i fem handlingsplikter.

 

Alle som arbeider på skolen har plikt til

  • å følge med
  • gripe inn og
  • varsle rektor hvis de får mistanke om eller kjennskap til at en elev ikke har et trygt og godt skolemiljø. (Om ein ser høyrer eller får melding om)

 

Skolen har plikt til å

  • undersøke og
  • sette inn egnede tiltak, i samarbeid med elev/føresette, inntil eleven opplever eit trygt og godt skulemiljø. Og saman med elev/føresette evaluere desse.

 

Klageinstans for tiltak/manglande tiltak til Fylkesmannen i Vestland.

 

Elevar som opplever at ein sjølv ikkje har eit trygt og godt skulemiljø

observerar at andre elevar ikkje har eit trygt og godt skulemiljø
 

kan melde dette til: Kontaktlærar, rådgivar, ein i leiinga, rektor, eller ein anna tilsett som du stolar på.Alle meldingar skal til slutt kome til rektor, og eleven vert innkalla til samtale og teken med på råd om korleis ein skal arbeide for at skulemiljøet skal verte trygt og godt.

 

Rektor og skuleleiinga sine pliktar

Plikt: Informasjon

Sjå til at alle tilsette, elevar og føresette til elevar under 18, kjenner til skulen sine rutinar i høve §9a. Deler at informasjonsplikta er delegert til kontaktlærar.  

Plikt: Registrere varsling

Plikt: Undersøkje

Innhald: Ved mistanke skal skulen undersøkje kva som ligg bak eleven si oppleving. Eleven har rett til å bli høyrd. Ein skal vektlegge eleven si subjektive oppfatning når ein vurderer å gå vidare med tiltak. 

Plikt: Setje inn tiltak 

Plikt: Dokumentere 

Plikt: Evaluere

 

Særlege moment med §9a

  • Når ein tilsett krenkar skal det klagast direkte til rektor.
  • Når ein i leiargruppa krenkar skal det klagast direkte Fylkesdirektøren for opplæring. 
  • Alle skulane har eiga "mobbeknapp" på heimesida. Denne sender melding rett til rektor.

 

  • Det kan vere grunnar til at ein elev er særleg sårbar for mobbing, trakassering og ekskludering. Skulen følgjer med, men si gjerne i frå til skulen om der er særlege forhold vi skal følgje med knytt til einskildelevar

 

 

Meldeplikt til barnevernet

Skolepersonalet har dagleg kontakt med ungdomane på skulen og i dette arbeidet er ein pålagt å være merksam på forhold som kan føre til tiltak frå barneverntenesta (opplæringslova § 15-3 første ledd). 

Varslingsplikt

Ved mistanke om alvorleg omsorgssvikt, mishandling eller misbruk kan det inntreffe ei varslingsplikt til barnevernet. Rettleiing og gjennomføring av varsling skjer i samråd med rektor. Varslingsplikta er likevel individuell, slik at rektor ikkje kan overprøve tilsette sine vurderingar

 

Klage på karakterar og opplæring

Det kan klagast formelt på standpunktkarakterar og sentralgitt eksamen– frist: 10 dagar frå resultatet er publisert digitalt til eleven

Det kan klagast på gjennomføringa lokalt gitt eksamen – frist: der og då. 

Ikkje formell klagerett på termin- og prøvekarakterar. Ta kontakt med faglærar for grunngiving og rettleiing. 

 

Læremiddel

Ordninga med gratis læremiddel krev at elevar lever inn skulebøker innan fristen ved skuleslutt!

Etter purringar bestiller skulen inn nye bøker, og ser på «ikkje leverte» bøker som tapt.

Fylkeskommunen sender erstatningskrav for å dekke kjøp av erstatningsbøker NÅR fristen for innlevering etter purring er ute.

Ubetalte krav går til inkasso og endeleg rettslege sanksjonar

 

Læremiddel

PC. Eigen eller skulePC – obligatorisk (summen av utstyrstipend)

Dataprogram kan elevane laste ned frå eige område

Særleg utstyr til programområdet

 

Orden og åtferd:

Særleg fokus på:

  • komme tidsnok til timar
  • ha med utstyr
  • levere avtalt arbeid
  • møte på prøver
  • gi alltid melding om du vert forhindra til avtalar
  • vere grei med andre!

 

Røyk- og snusfri skule:

Ingen røyk og snus på skulen sitt område i skuletida.

Reglementa finn du på flora.vgs.no.

  • Skulereglar
  • Ordensreglementet
  • Fråversreglementet for alle skulane
  •  

Skulereglar - fellesareala

Dette ventar vi av elevar og lærarar i fellesareala:

Alle skal ta omsyn til kvarandre og ta ansvar for felles trivsel. Elevane skal rette seg etter beskjeder frå alle tilsette på skulen. Tilsette skal påpeike når elevar ikkje held orden i fellesareala, og gi ros når elevar nytter fellesareala positivt. Alle skal rydde etter seg i fellesareala. 

 

Det er forbod mot tobakk og snus på heile skulen sitt område!

 

Skulereglar - undervisninga

Dette ventar vi av elevar og lærarar i undervisninga:

Bruker TEAMS aktivt til planar og meldingar.

Startar timane presis og sluttar presis.

Faglærar dokumenterer fråvær, orden og åtferd i løpet av timane, og registrerer dette i Skulearena straks.

Elevane må gje melding om feilført fråvær til faglærar innan 14 dagar.

Klassen og læraren startar ikkje timen om rommet er rotete eller om pultane er plassert feil. Då ryddar ein i lag og melder frå om dette til næraste leiar etter timen.

Alle skal ha med seg bøker, PC og arbeidsutstyr, når timen tek til, og ta dette med seg når timen er over.

Timane startar med PC-en lukka. Faglærar avgjer kor tid PC skal nyttast eller leggast vekk.

Elevane kan berre forlate klasserommet etter avtale med lærar.

Alle skal viser omsyn og ikkje uroe andre. Ein skal vere venleg i møte med andre. Læraren skal vere tydeleg og konsekvent og påpeike regelbrot. Alle skal halde avtaler og fristar.

Mobil kan berre nyttast i timane etter avtale.

Klassen ryddar etter seg når timen er over. Læraren ser til at rommet er rydda, pultane plassert og vindauge lukka. Spesialrom skal låsast etter kvar økt (Verkstad, naturfag, IT).

Ein skal ikkje ete i timane.

 

 

Skulen varslar berre særskild når det er fare for at det kan verte IV eller nedsette Orden og Åtferd.

 

 

 

SEFF

Skulen har eit eige tilbod for ungdom som har slutta undervegs eller står i fare for å slutte undervegs i opplæringa. Tilbodet «SEFF» stå for Styrke-Erfaring-Fellesskap-Framtid, og er eit fylkeskommunalt tilbod til deg som av ulike grunnar ikkje er i vidaregåande opplæring eller arbeid.

  • Kanskje du ikkje heilt veit kva du har lyst å utdanne deg til
  • Kanskje du har starta på ei utdanning som ikkje var slik du trudde?
  • Kanskje du ikkje veit kva jobb du kan få der du vilbusetje deg?
  • Kanskje du treng å bli meir førebudd før du startar på vidaregåand opplæring?

 

Ta kontakt med skulen