Flora vidaregåande skule/Elev og føresett/Elevtenester/Støtte og rådgjeving/Oppfølgingstenesta (OT)
OT koordinator ved Flora vgs, Rita Frøyen

OT koordinator ved Flora vgs, Rita Frøyen

Oppfølgingstenesta

Oppfølgingstenesta arbeider med og for ungdom som har rett til vidaregåande opplæring til og med det året dei fyller 21 år.

Oppfølgingstenesta skal kontakte deg viss du

  • ikkje har søkt vidaregåande opplæring
  • ikkje har teke imot tildelt elev- eller læreplass
  • har avbrote opplæringa før ho er ferdig
  • ikkje er i arbeid
  • har tapt opplæringsretten som følgje av vedtak om bortvising for resten av skoleåret eller heving av lærekontrakta/opplæringskontrakt

Oppfølgingstenesta skal hjelpe til med å formidle tilbod om opplæring, arbeid eller kompetansefremjande tiltak, eventuelt ein kombinasjon av desse. Opplæringa skal så langt som råd er, føre fram til studiekompetanse, yrkeskompetanse eller grunnkompetanse.

Oppfølgingstenesta samarbeider med fylkeskommunale, kommunale og statlege instansar som òg har ansvar for ungdom.

Du kan sjølvsagt ta direkte kontakt med oppfølgingstenesta. Næraste vidaregåande skole eller inntakskontoret kan gje deg adresse og telefonnummer til oppfølgingstenesta i ditt område.

Tips ein ven Skriv ut

Kontakt

Rita Hesvik Frøyen
OT Koordinator
tlf: 41 53 06 83
rita.hesvik.froyen@sfj.no