
forelesning i auditoriet
Påbygging til generell studiekompetanse
Påbyggingsåret er eit tilbod til elevar som har valt ei yrkesfagleg utdanning og som ønskjer å oppnå generell studiekompetanse.
På utdanningsprogrammet påbygging til generell studiekompetanse har du faga norsk (10 t/v), historie (5 t/v), kroppsøving (2 t/v), naturfag (3 t/v) og matematikk (5 t/v). I tillegg til eitt programfag (5 t/v) som gjev deg den teoretiske kompetansen som krevst for å kunne bli tatt opp til spanande studier på høgskular og universitet. Påbygging til generell studiekompetanse er eit år med ein god del teori - det er difor viktig å kjenne etter om ein er motivert nok tli å gjennomføre dette året. Hugs at du også har rett på å ta påbygg etter gjennomført fagutdanning.
Tilhøve ved skulen
Du vil vere elev i ein klasse med 30 elevar. På Flora vgs. er der ca 550 elevar der om lag halvparten går på linjer som gjev studiekompetanse. Saman med dei øvrige vg3 klassane er du ein del av eit stort avgangskull. Skulen er nyleg påbygd og oppussa og framstår som ny og moderne.
Kvifor velje denne linja
Linja er meint for dei som har tatt yrkesfagleg utdanning, men som likevel ønskjer generell studiekompetanse. Med studiekompetanse kan ein søkje opptak på høgskular og universitet.
Inntakskrav
Inntakspoeng vil variere avhengig av kor mange som søkjer, men skal du lukkast å komme gjennom året er det lurt å ha karakterar opp mot 4-talet. Merk deg at studiane vidare kan ha høge krav. Det er lurt å sjekke dette tidleg.
Vegen vidare
Med generell studiekompetanse kan du velje mellom 100-vis av ulike utdanningar. Hugs søknadsfristen 15. april.