Flora vidaregåande skule
music festival

Prosjekt Malawi, aksjonsdag 2018

Fredag 30/11 får elvane fri til å delta på Flora vidaregåande sin aksjonsdag. Elevane er oppmoda om å skaffe seg jobb slik at dei skaffar 400 kroner til skulens prosjekt i Malawi.

Kjære elev arbeidsgjevar / føresette til elevar ved Flora vgs.

Målet for årets aksjon er å samle inn 200,000 kr. Dette dekker 1 års yrkesfagleg skulegang for kring 100 elevar. Vidare rekk det til kulturtilbod for hundrevis av ungdom i regionssenteret Nkhotakota. Dette vert det einaste tilbodet i området.

Flora vgs sin partner, Nkhotakota Youth Organisation, har også eit karrieresenter som gjev alle elevar ekstra opplæring i livsmestring, ikt og entreprenørskap. Saman med god oppfølging gjer det elevane godt rusta for framtida.

Elevar som ikkje ønskjer å delta på aksjonsdagen må melde frå til kontaktlærar innan torsdag 29/11 kl 12. For desse vert det organisert eit undervisningsopplegg på skulen.


Betalingsinformasjon:
Vi bed elevane registrere seg på bidra.no/flora. Når eleven deler denne linken kan bidragsytarar betale valfritt beløp med vipps eller kort. Dei elevane som har behov for giro får dette ved å henvende seg til oystein.garfors@sfj.no (tlf 41 53 06 03), eller ved å betale til konto 4212.02.02388 merka med elevens namn og klasse.  Eleven kan også jobbe inn denne dagen før/etter aksjonsdagen.

Hugs at betalingsfrist er seinast 15/12. Tusen takk for at du sett ein elev i arbeid. 400 kroner rekk langt i Malawi. Di hjelp utgjer ein viktig forskjell!