Flora vidaregåande skule
Florarussen har samla inn over 110.000 kroner til Kreftforeningen.

Florarussen har samla inn over 110.000 kroner til Kreftforeningen.

Russen sikra innsamlingsrekord

Florarussen har i år samla inn 115.627 kroner til Kreftforeningen og slår dermed skulens tidlegare rekordar.

Vi er så sjukt stolte, seier aksjonssjefane Andrine Stusdal Melvær og Frøya Hopen Eliasson.

Florarussen har i år samla inn 115.627 kroner til Kreftforeningen. Dette er ny rekord for Flora vidaregåande skule. 

- Den forrige rekorden var det russekullet frå 2016 som stod for, med 106.640 innsamla kroner, fortel aksjonssjefane. 

- Ubeskriveleg 

Av litt over 100 russ var det 61 som gjekk. Dei skulle gjerne ha sett fleire som gjekk, samtidig som dei er endå meir imponert over kor mykje dei samla inn, trass i at dei var så få:

- Dei som har gått må jo ha vore usannsynleg sjarmerande, smiler Andrine. 

- Vi rett og slett skikkelig stolte og det kjennes litt ubeskriveleg, legg Frøya til. 


dg

Innsamla på Flora vgs tidlegare år:

  • 2011:     37.286,-
  • 2012:     59.052,-
  • 2013:     56.226,-
  • 2014:     66.246,-
  • 2015:     80.454,-
  • 2016:   106.640,-
  • 2017:     94.965,-