Flora vidaregåande skule
149415793_1084368168748800_3715566533503739170_n

Samarbeidsavtale mellom Florarussen 2021, Kinn kommune og Florø politistasjon

Florarussen ynskjer å arbeide for rusførebygging og heldningsskapning internt i russekullet.

Galleri

Kontrakt 2021

Fredag signerte russepresidenten Martin Solheim, folkehelsekoordinator Elisabeth Solheim og Kristine Nekkøy frå politiet samarbeidsavtale.

Russen er klar over si rolle som førebilete for yngre skuleelevar og dei ynskjer å fremje gode haldningar og å bli assosiert med gode verdiar. Dei vil difor arbeide både for rusførebygging og haldningsskaping internt i russekullet, og fronte desse haldningane utanfor skulesamfunnet. 

Florarussen 2021 ynskjer å markere eit standpunkt i høve illegale rusmidlar. For å tydeleggjøre standcpunktet inngår russen denne samarbeidsavtalen med Kinn kommune og med politiet. 

Russen

- skal i så god tid som råd informere politiet om alle russearrangement.

- skal ha nulltoleranse mot narkotika på russearrangement

- Oppfordrast til å melde frå til politiet dersom dei oppdagar bruk av illegale rusmidlar på russearrangement, enten direkte til politiet som er tilstades, eller til politiet sin ungdomskontakt i ettertid

- oppfordrast til å synleggjøre standpunktet sitt gjennom bruk ab merke på russedressen

- skal vere representert på møte mellom VG1-elevane og Rusettervernet og presentere avtalen der.

Kinn kommune

- skal sponse russen med merket på dressen

- folkehelsekoordinator Elisabeth Solheim skal delta på informasjonsmøte med russen

Politiet

- skal så langt det lar seg gjøre forsøke å vere innom ved russearrangement

- stiller på informasjonsmøte med russen for å klargjøre prosedyrer og sanksjonar ved bruk av illegale rusmidlar