Flora vidaregåande skule/Opplæringstilbod/SEFF

Styrke-Erfaring-Fellesskap-Framtid er tilbod som ligg

SEFF

Tilbodet «SEFF» står for Styrke-Erfaring-Fellesskap-Framtid, og er eit fylkeskommunalt tilbod til deg som av ulike grunnar ikkje er i vidaregåande opplæring eller arbeid. Det kan vere lurt å bruke eit skuleår på å lære seg sjølv betre å kjenne, finne ut: kva er mine styrkar og svakheiter, kva likar eg å gjere, kva verdiar og eigenskapar har eg? 

Kontaktpersonar er Yrla Klein (yrla.klein@vlfk.no) og Vivian Norstrand (vivian.norstrand@vlfk.no)

 

Tilbodet er lagt til Flora vgs og oppæringsavdelinga beskriv tilbodet slik:

Tilbod til ungdom - ein kvardag med læringsglede og meistring

Tilbodet «SEFF» står for Styrke-Erfaring-Fellesskap-Framtid, og er eit fylkeskommunalt tilbod til deg som av ulike grunnar ikkje er i vidaregåande opplæring eller arbeid.

  • Kanskje du ikkje heilt veit kva du har lyst å utdanne deg til?
  • Kanskje du har starta på ei utdanning som ikkje var slik du trudde?
  • Kanskje du ikkje veit kva jobb du kan få der du vil busetje deg?
  • Kanskje du treng å bli meir førebudd før du startar på vidaregåande opplæring?

Ungdom treng ofte tid og fleire erfaringar før dei er klare til å gjennomføre skulen eller gå ut i arbeid. Det kan vere lurt å bruke eit skuleår på å lære seg sjølv betre å kjenne, finne ut: kva er mine styrkar og svakheiter, kva likar eg å gjere, kva verdiar og eigenskapar har eg?


I «SEFF» er du saman med andre ungdommar, og du møter vaksne som ser og forstår deg, legg til rette for di læring, let deg finne ut korleis du lærer best og kva styrkar og talent du har. I dette læringsfellesskapet:

  • samtalar vi om yrkesval som passar for deg. Det kan vere lurt å bli godt informert om ulike yrkesval. Kanskje oppdagar du yrke du ikkje hadde tenkt på som eit alternativ
  • får du prøve ut ulike utdanningsvegar, anten i «SEFF» og/eller i bedrift. Det kan vere lurt å ikkje la følelsane ta heilt overhand når du skal velje, men vere realistisk i høve jobbmoglegheiter der du ynskjer å bu
  • får du tid til å bli førebudd til vidaregåande opplæring. Fleire kan være usikre på utdanningsval og treng tid til avklaring og motivering før dei går vidare. Nokre treng påfyll i fag før dei er klare for å gjennomføre skulen
  • er det inntak heile skuleåret


Alt dette får du i eit trygt og godt miljø som bygger på dine styrker og interesser.
Målet med «SEFF» er å kvalifisere ungdommen til vidaregåande opplæring slik at fleire gjennomfører og blir attraktive for framtidas arbeidsliv.
Vi skal saman legge forholda til rette for at alle i «SEFF» får eit innhaldsrikt år med læring, aktivitetar og mykje moro.


Med helsing
Tor-Einar Holvik Skinlo ass. fylkesdirektør
Gro Hovland prosjektmedarbeidar

Kontakt

Vivian Norstrand
Pedagogisk leiar
vivian.norstrand@vlfk.no
tlf 57 63 76 00