Flora vidaregåande skule/Opplæringstilbod/Sal, service og reiseliv
Service og samferdsle på bedriftsbesøk hos matvarebutikken Eurospar i Florø. Steinar Svardal informerer.

Service og samferdsle på bedriftsbesøk hos matvarebutikken Eurospar i Florø. Steinar Svardal informerer.

Sal, service og reiseliv

Dersom du kunne tenke deg å vere bedrifta sitt ansikt utad og jobbe med kundebehandling kan sal, service og reiseliv vere noko for deg.

VG1 Sal, service og reiseliv er eit yrkesfag og tilbyd desse linjene:

Vg1 Sal, service og reiseliv
Vg2 sal og reiseliv

Yrkesfagleg opplæring fører fram til eit yrke og gjev yrkeskompetanse med eller utan fag- eller sveinebrev. Du kan gå ut i yrkeslivet etter 3-5 år, eller du kan ta vidareutdanning t.d. ved fagskule. Du kan også ta påbygging til generell studiekompetanse om du vil studere vidare ved høgskule eller universitet.

Sal, service og reiseliv ved Flora vgs.

På sal, service og reiseliv ved Flora vgs. gjev vi første året ein smakebit innan heile 8 yrke. Allereie frå haustferien startar elevane ein dag i veka i arbeidspraksis innan eitt av desse yrka. Seinare har du moglegheit til å gå vidare på  Vg2 sal og reieliv i Florø.

Tilhøve ved skulen

Sal, serive og reiseliv er eit "teoretisk yrkesfag". Det er ingen tilhøyrande verkstad så verktya elevane lærer om er gjerne knytt til bruk av IKT, for eksempel gjennom kontorstøttesystem og grafisk programvare. Du vil lære ein del teori i klasserommmet, men vi freister å kople det til praktiske prosjekt og besøk ute i næringslivet. Begge åra vil du ha praksis i bedrift.

Kvifor velje dette faget

Service er viktig i alle bedrifter. Det samme er økonomi, marknadsføring og IKT. Vidare er faget bygd opp på ein måte som gjer at du får innblikk i heile prosessen som er viktig for å enten starte eller å drive ei bedrift. Gjennom service og samferdsel kan du raskt komme ut i eit spanande yrke etter berre to år på skule. Det gjev også godt grunnlag til vidare studier i dei faga du har lært om på skulen.

Vegen vidare

Tek du vegen mot fagbrev er det to år i bedrift før du er ferdig utdanna fagarbeidar. Mange bedrifter har interne utdanningsprogram dersom du vil utvikle deg vidare i jobben. Med fagbrev som bakgrunn og god innsats kan du fort havne som til dømes salsleiar eller butikksjef. Hugs at du også har rett til å ta påbygging etter fagbrevet slik at du seinare kan få tatt påbygging og gå vidare mot ei høgare utdanning.

Kontakt

Lars Anders Nybu
studieadministrativ leiar og avdelingsleiar for økonomi, service- og IKT-fag / epedagog
Lars.anders.nybu@vlfk.no
41 53 06 04

Relaterte lenker

Om sal, service og reiseliv på utdanning.no