Flora vidaregåande skule
IMG_6767

Skulen fekk livsgledediplom

Tysdag fekk Flora vidaregåande skule overlevert diplom for sin innsats som «Livsgledeskule». 

«Livsglede for eldre» er ein folkehelseorgansisasjon som arbeider for at alle eldre skal ha ein god og meiningsfull kvardag. Sidan 2010 har Flora vidaregåande skule vore ein «livsgledeskule» og på tysdag fekk Helse- og oppvekstfag utdelt diplom for sin innsats. 

- Vi i Livsglede for eldre har lyst til å framheve innsatsen lærarar og elevar ved Flora vidaregåande skule har vist gjennom å skape livsglede for eldre i lokalmiljøet, sa veileder i livsgledepedagogikk, Kari Sofie Iversen. 

Iversen hadde teke turen frå Trondheim for å dele ut diplomet.

- Når utdanning og praksisfeltet får til eit vinn-vinn-samarbeid med fagleg fokus, elevmedverknad, samarbeid og effekter som livslgede, då byggjer ein bro mellom teori og praksis. Kunnskapar og ferdigheiter vert utvikla og kanskje det aller viktigste, ein skapar gode haldningar, fortalde Iversen vidare til eit lydhørt auditorium fullsett av elevar på Helse- og oppvekstfag. 

Diplomet var delt ut til faglærar Tove Elisabeth Berge og avdelingsleiar May-Liss Magnerud Giil. Også rektor Knut Christian Clausen fekk ei lita gåve, i form av solbriller og ein kaffikopp, og han var ikkje sein med å teste ut denne.