Foto som syner fire ungdomar, to jenter og to gutar, i ein buss. Alle smiler og gutane viser tommel opp-teiknet

Foto: Thor-Aage Lillestøl

Skuleskyss

I artikkelen finner du reglane for gratis skuleskyss i følge opplæringslova.

Du har rett på gratis skuleskyss dersom

  • avstanden mellom heim og skule er 6 km eller meir. Avstanden gjeld kortaste gangbare veg mellom heim og skule
  • du på grunn av funksjonshemming, skade eller sjukdom har behov for skyss, uavhengig av avstanden mellom heim og skule
  • det er nødvendig med båt eller ferje, utan omsyn til avstanden mellom heim og skule
  • du går på skule i eit anna fylke og elevplassen er kjøpt av Sogn og Fjordane fylkeskommune

Du kan bli pålagd å gå inntil 4 km frå heim til haldeplass.

Link under til fylkeskommunens informasjon, der finner du også søknadsskjema:

https://www.sfj.no/skuleskyss.340927.nn.html

Tips ein ven Skriv ut