Foto som syner to jenter i ein buss. Dei sit på kvar si side av midtgangen, ei er mørkhåra, og den andre er blond. Foto: A til Å Grafisk Design og Media

Skuleskyss

 

Skuleskyss

Dersom avstanden mellom heim/hybel og skule er 6 km eller meir har du rett på skuleskyss. Alle som skal ha skuleskyss må søkje på nytt då det er ny ordning for skuleskyss frå dette skuleåret.

Korta til alle elevane som hadde skyss vart deaktiverte ved skuleslutt i juni. Alle som skal ha skuleskyss må difor søkje på nytt, MEN dei skal bruke same skuleskysskortet alle åra dei går på vidaregåande. Korta vert opna opp att etter kvart som vi handsamar søknaden.

Elevar som har rett på skuleskyss, får gratis skyss til og frå skulen.

Reglane for skuleskyss er regulerte i opplæringslova, som mellom anna slår fast kor langt det må vere mellom heim og skule for at eleven skal ha rett på gratis skuleskyss.

Kringom.no finn du alt du treng å vite om skuleskyss for området Sogn og Fjordane i Vestland:  

https://www.kringom.no/om-skuleskyss.461569.no.html