Flora vidaregåande skule
flora vid skule

Skulestart 2019

Velkommen til skulestart mandag 19/08 kl 09.00 på idrettssenteret. 

Skulestart 2019

Velkommen til skulestart mandag 19/08 kl 0900 på idrettssenteret. Her finn du nyttig informasjon om skuleskyss, utstyr, elev-pc, elevkommunikasjon, bokskap med meir.

Gratulerer med tilbod om skuleplass ved Flora Vidaregåande Skule! Første skuledag vert mandag 19/08. Alle elevar møter kl 0900 i fleirbrukshallen på idrettssenteret. Det er viktig at du møter der du er tatt opp som elev -  slik at du ikkje mister skuleplassen din. Dersom du ikkje kjem til å møte må du ta kontakt med skulen snarast råd.


Møte for føresette tysdag 27/8

Dette gjeld alle føresette til elevar på vg1 yrkesfag/studiespesialiserande/idrett (for elevar under 18 år). Her vert det gitt viktig informasjon om oppstart, om fraværsordninga, eleven sin rett om skulemiljø, om informasjonskanalar for elevar/føresette. Vidare vil kontaktlærarane informere om informasjon relevant for klassen.

  • kl 17.30-18.30 for elevar på vg1 studiespesialiserande og idrett.
  • kl 18.00-19.00 for elevar på vg1 yrkesfag.
  • Føresette til nye elevar i vg2 vert kontakta av kontaktlærar. 

Info om elevopptaket

Skulane har ansvaret for inntaket frå 12. august. Skulen har få ledige plassar, men det kan bli nokre endringar i starten. Ta direkte kontakt på telefon (+47) 57 63 76 00. Elevar med ungdomsrett er prioriterte.

Elev-pc

Alle VG1-elevar skal stille med berbar datamaskin frå skulestart. Sogn og Fjordane fylkeskommune har ordning for VG1-elevar ved dei offentlege vidaregåande skulane om kjøp av elev-pc. Det er valfritt kva PC du stiller med, men vi anbefaler PC - då desse er meir kompatible med Microsoft Office produkt. Som elev ved skulen vil du få tilgang til å laste ned programvare vid Office 365. Har du bestilt pc innan 31.07 er du garantert maskin til skulestart. Du kan bestille heilt fram til 30.11, og kan difor starte skuleåret med ei maskin du har frå før og sjå om den er god nok før du eventuelt bestiller.  Les alt om ordninga, sjå modellane, og registrer deg i nettbutikken på sfj.no/elevpc.


Lånekassen

Etter du har fått stadfesta skuleplass kan du gå inn på www.lanekassen.no og søke. Du må ha MinID for å kunne søke.

Les meir på Lånekassen sine nettsider om støtte til vidaregåande opplæring.


Skuleskyss

Dersom avstanden mellom heim/hybel og skule er 6 km eller meir har du rett på skuleskyss. Alle som skal ha skuleskyss må søkje på nytt då det er ny ordning for skuleskyss frå dette skuleåret. Elevane skal søkje elektronisk ved å gå inn på https://skuleskyss.sfj.no.

Korta til alle elevane som hadde skyss vart deaktiverte ved skuleslutt i juni. Alle som skal ha skuleskyss må difor søkje på nytt, MEN dei skal bruke same skuleskysskortet alle åra dei går på vidaregåande. Korta vert opna opp att etter kvart som vi handsamar søknaden.

Skuleskyssreglementet finn du på kringom.no/skuleskyss.
 

Skulebøker, utstyr og bokskap

Dei lærebøkene du får låne tilhøyrer Flora vgs og er ein del av utlånsordninga for gratis læremiddel. Lånetida er eitt skuleår og du som elev må signere ein låneavtale med skulen. Her står dine plikter og ditt ansvar. Er du under 18 år må dine føresette signere avtalen. Boklistene finn du i Teams. Det blir satt opp eigen plan for bokutlevering første skuleveka.

Det er også krav om ein del utstyr før oppstart, spesielt på yrkesfaga.
Oversikt her; byggfag vg1 PDF document ODT document , tip PDF document ODT document  vg1,  byggteknisk vg2 PDF document ODT document  og   industriteknologi vg2 PDF document ODT document  og klima, energi- og miljøteknikk vg2 PDF document ODT document .

Bokskap kan du få leige for 100 kr (kontant). Det er miljøkoordinator og bibliotekar, som har ansvar for utleigeordninga. Ta kontakt med dei ved oppstart.


Bytte av programområde og klasse

Dersom du ønskjer å bytte frå eit programområde til eit anna må dette skje skriftleg - og må leverast personleg til rådgjevarane eller til pedagogisk leiar Vivian Nordstrand så snart som mogleg og innan 13.09. vivian.norstrand@sfj.no. Mange klassar er fulle – men du kan vere heldig dersom du er tidleg ute. Der det er fleire som ønskjer bytte er det førstemann til mølla.

Det er rektor som avgjer klasseinndelinga, og elevane kan ikkje bestemme kva klasse dei vil gå i, eller krevje å byte klasse. Unntak kan gjerast dersom det er høve som har heimel i opplæringslovas kapittel 9a. Bytte av klasse kan ein gjere første veka.

 
Informasjon i Teams og på nett

Ved skulestart vil du få log-in til datanettverk og instruksar til Teams. Elevkommunikasjon mellom leiing, lærar og elev vil skje der. Der vil du og finne fagplanar, timeplanar og beskjedar som vil vere viktig for din skulekvardag. Her kan du også kommunisere med lærarane dine. Både lærarar og du som er elev har plikt til å følgje med i Teams, og som elev er du ansvarleg for å halde deg fagleg (og daglig) oppdatert på oppgåver, lekser og beskjedar som vert gitt.
 

Rådgjevingstenesta

Rådgjevarane på skulen er der for å hjelpe deg både til å gjere gode val med tanke på val av yrke og utdanning. Vi er der også dersom du har personlege, sosiale eller emosjonelle vanskar som har noko å seie for opplæringa. På skulen si nettside vil du finne nyttig informasjon som gjeld deg og di framtid samt kontaktinformasjon til dei tre rådgjevarane. Du finn også informasjon om val av språk og matematikk samt mange gode lenker om yrke, utdanning og karriere. Meir informasjon og kontaktinfo finn du på skulens heimeside.

 

Vi gler oss til å møte deg – og vil med dette ønskje deg velkommen til eit nytt skuleår basert på læring, inspirasjon og trivsel. 

Tips ein ven Skriv ut