Flora vidaregåande skule
Rektor Clausen spelar sjakk i biblioteket

Foto: Flora vgs

Skulestart august 2016 - info til nye elevar

Skulen startar opp mandag 15. august. Her kan du lese om mellom anna inntak, skulestart, skule-pc, og rådgjevingstilbod ved Flora vgs. Det vert vidare foreldremøte for elevar under 18 år på vg1 og vg2 tysdag 16. august kl 18.

Gratulerer med tilbod om skuleplass ved Flora Vidaregåande Skule! Første skuledag vert mandag 17/08. Alle elevar møter kl 0900 i fleirbrukshallen på idrettssenteret. Det er viktig at du møter der du er tatt opp som elev -  slik at du ikkje mister skuleplassen din. Dersom du ikkje kjem til å møte vil vi at du tek kontakt med skulen snarast råd.


Elevopptak
Elevopptak første inntak er 5. juli. Du må gå inn på vigo.no for å sjå resultata dersom du ikkje har kryssa av for førehandssvar. Har du ikkje førehandssvar og ikkje takka ja innan svarfristen (14. juli) misser du plassen. 2. inntak er 29. juli, med svarfrist 2. august. Skulane tek deretter over ansvaret for inntak. Elevar med ungdomsrett er prioriterte.

 
Informasjon i Fronter og på nett:
Ved skulestart vil du få log-in til datanettverk og Fronter kor du vil finne både fagplanar, timeplanar og beskjedar som vil vere viktig for din skulekvardag. Her kan du også kommunisere med lærarane dine. Både lærarar og du som er elev har plikt til å følgje med i Fronter. Fronter si innlogging finn du via Flora Vidaregåande Skule si heimeside, www.flora.vgs.no. Du som elev er ansvarleg for å halde deg fagleg (og daglig) oppdatert på oppgåver, lekser og beskjedar som vert gitt i Fronter.


Rådgjevingstenesta:
Rådgjevarane på skulen er der for å hjelpe deg både til å gjere gode val med tanke på val av yrke og utdanning. Vi er der også dersom du har personlege, sosiale eller emosjonelle vanskar som har noko å seie for opplæringa. På skulen si nettside vil du finne nyttig informasjon som gjeld deg og di framtid samt kontaktinformasjon til rådgjevarane.

Skule-PC:
Alle VG1 elevar skal stille med berbar datamaskin frå fyrste skuledag. Du kan enten bestille PC sjølv via www.sfj.no/elevpc, eller bruke PC/Mac du har frå før. Vil du ha maskina til skulestart, må du hugse å bestille innan 3. juli. Om du vil vente til etter inntaket 5. juli med å bestille, vil du få maskina ei til to veker etter skulestart.


Skuleskyss
Bur du over 6 km frå skulen har du rett til gratis skuleskyss til og frå. Ta kontakt med ekspedisjonen på skulen for å få skysskort. Meir om skuleskyss finn du på www.sfj.no


Lån og Stipend
Etter du har fått stadfesta skuleplass kan du gå inn på www.lanekassen.no og søke. Du må ha MinID for å kunne søke. Hugs at alle som søkjer får utstyrsstipend!


Bytte av programområde:
Dersom du ønskjer å bytte frå eit programområde til eit anna må dette skje skriftleg - og må leverast personleg til rådgjevarane eller i resepsjonen. Dei fleste klassar er i utgangspunktet fulle – men du kan vere heldig dersom du er tidleg ute.  Der det er fleire som ønskjer bytte er det førstemann til mølla..


Bytte av klasse:
Det er rektor som avgjer klasseinndelinga, og elevane kan ikkje bestemme kva klasse dei vil gå i, eller krevje å byte klasse. Unntak kan gjerast dersom det er høve som har heimel i opplæringslovas kapittel 9a. 

 

Foreldremøte for vg1-vg2 elevar om skulestart og nye VIKTIGE fråværsreglar:
Vert tysdag 17/8 kl 18.00 på Flora vgs for vg1 og kl 18.45 for vg2. Innkalling vert sent ut.
 

Vi gler oss til å møte deg – og vil med dette ønskje deg velkommen til eit nytt skuleår basert på læring, inspirasjon og trivsel. 

Velkommen til oss

Vh Rådgjevarane