Flora vidaregåande skule
Elevar prøver ut solcellepanel

Elevar prøver ut solcellepanel

Solceller og bærekraftig utvikling

Flora vgs har fått prosjektmidlar til eit tverrfagleg prosjekt om bærekraftig utvikling. Dette kopla vi saman med solcelleprosjektet skulen er involvert i i Malawi.

Flora vgs har i samarbeid med ein lokal organisasjon bygd opp eit solenergiselskap som elektrifiserer landsbygda i Malawi. Dette prosjektet lar elevar og lærarar på vg1 ta aktivt eigarskap i korleis desse solenergiløysingane både kan skape utvikling i eit av verdas fattigaste land samtidig som det sparer miljøet lokalt så vel som globalt.

Med dette som utgangspunkt arragnerte lærarane i Samfunnsfag og Naturfag ein fagdag 2/11. Det starta med ei fordjuping i temaet bærekraftig utvikling slik at alle skulle få ei felles oppfatting om kva det går ut på. Vidare vart dei 60 elevane delte inn i grupper for å lære om solceller, deira bruksområder og i å øve seg i å gjere bærekraftige val som forbrukarar. Alle gruppene var innom tre postar før dei avslutta det heile med å lage veggplakatar til biblioteket som ei utstilling for resten av skulen.

Ei forlenging av denne dagen kjem i samband med internasjonal dag 9/11. Då skal dei aller fleste klassane på skulen på foredrag med Jon Strand som er dagleg leiar i Kumudzi Kuwale - selskapet som elektrifiserer landsbygda kring Nkhotakota i Malawi. Han skal fortelle korleis dei har klart å auke livskvaliteten for tusenvis av fattige innbyggarar i distriktet - samtidig som det reduserer klimautslepp.

Her er eit knippe bilete frå dagen.