Flora vidaregåande skule
Arne Marius Skillingstad, dagleg leiar i Kumudzi Kuwale

Spanande jobbar i Malawi

Med atterhald om finansiering frå Norec treng vi ein entreprenørskapsrådgjevar og ein forretningsutviklar for eit solcelleselskap med oppstart i februar 2020. Det er Flora vgs som er arbeidsgjevar, men arbeidstad vert hos vår samarbeidspartner Nkhotakota Youth Organisation (NYO) og Kumudzi Kuwale Ltd. Begge skal jobbe i Nkhotakota i Malawi. Søknadsfrist er 20.10.

Vil du jobbe som forretningsutviklar i eit solcelleselskap i Malawi?

Flora Vidaregåande Skule samarbeider med Nkhotakota Youth Organisation (NYO) om ulike sosiale entreprenørskapsprosjekt i Nkhotakota District i Malawi. Norec finansierer 2 stillingar slik at vi kan skape betre bærekraft økonomisk, miljømessig og sosialt. Frå 17. februar 2020 søkjer vi ein driftig person som kan jobbe med vidare utvikling av NYO sitt datterselskap Kumudzi Kuwale Ltd.


Kumudzi Kuwale Ltd. («landsbylys») driv med sal, installasjon og service av solenergiløysingar i Malawi. Selskapet vart starta opp i 2013. Dei har 18 tilsette på hovudkontoret, 65 agentar som driv ladestasjon i eigen landsby. I tillegg driv selskapet med større installasjonsoppdrag. Vi treng ein person som er interessert i å lære om utviklingsarbeid i ein Afrikansk kontekst, samtidig med å utvikle selskapet vidare. Sjekk også heimesida deira for meir informasjon.

Malawi er kalla «The Warm Heart of Africa» og er kjend for sitt vennlege folk og for ei stor vidde i naturopplevingar. Nkhotakota District har nær 400,000 innbyggarar og ligg ved breidda av Lake Malawi som er Afrikas 3. største innsjø. I kommunesenteret bur det kring 35,000 innbyggarar. Der finn du også ein innhaldsrik marknad, restaurantar, butikkar og kort veg til lodgar med flotte strender. Du disponerer eige hus med hage.


Arbeidsoppgåver: Forretningsutviklar / Business Development Manager.

 

  • Rådgjevar for dagleg leiar og økonomiansvarleg.

  • Personal- og resultatansvar for to butikkar og rurale ladestasjonar.

  • Førebu rapportar til styret i Kumudzi Kuwale i lag med leiinga.

  • Arbeide med styrking av forholdet mellom Kumudzi Kuwale og NYO

  • Koordinere donorar/investorar slik at vi får oppskalert ladestasjonsnettverket

  • Oppretthalde og etablere nettverk for Kumudzi Kuwale.

  • Etterarbeid etter heimkomst frå Malawi etter avtale.


Kvalifikasjonar og eigenskapar:

  • Evne til å sjå moglegheiter og ha eit positivt livssyn.  
  • Evne til å ha ein rettleiande og delegerande leiarstil.
  • Resultatorientert med handlekraft.
  • Ha forståing for økonomien i eit selskap.
  • Evne og vilje til å tilpasse seg ein ny kultur.
  • Evne til å motivere seg sjølv og andre, også i motgang.
  • Relevant utdanning/erfaring knytt til fleire av fagfelta; leiing, entreprenørskap/forretningsutvikling, økonomi/administrasjon, fornybar energi.
  • Relevant teknisk bakgrunn innan elektro/solcelleteknologi, klima, energi/miljø er positivt men ikkje påkreva.
  • Minimum 2 års relevant arbeidserfaring.
  • Evne til å jobbe med engelsk som arbeidsspråk.
  • Alder 22-35 år, jfr. Norecs retningslinjer.


Praktisk:

  • Kontrakt på 13 mnd, oppstart 16. februar 2020.
  • Løn etter Norecs satsar 15,000 kr/mnd.
  • Dekt reiseutgifter, oppstartsstipend, bustad og forsikringar i Malawi.
  • Atterhald om finansiering frå Norec.
  • Meir informasjon får du hos Vivian Norstrand, (tlf 908 35 519) eller hos Kristian Viflot som har stillinga i dag. kristian@kumudzikuwale.com.
  • Send søknad og CV innan 20. oktober til vivian.norstrand@sfj.no

 

 

Vil du jobbe med entreprenørskap og yrkesopplæring i Malawi? 

Flora Vidaregåande Skule samarbeider med Nkhotakota Youth Organisation (NYO) kring fleire sosiale entreprenørskapsprosjekt i Nkhotakota District i Malawi. Norec finansierer 2 stillingar slik at vi kan skape betre bærekraft økonomisk, miljømessig og sosialt. Frå 17. februar 2020 søkjer vi ein driftig person som kan jobbe med vidare utvikling av NYO si satsing på yrkesutdanning og entreprenørskap.

 

Rådgjevaren innan entreprenørskap skal vidareutvikle eit karrieresenter for ungdom under yrkesfagutdanning. Årleg utdannar dei kring 100 ungdom innan sveising, skreddar/design, byggfag, elektro og IKT. Karrieresenteret tilbyr rådgjeving og utdanning innan entreprenørskap til alle elevane. Dei støttar dei også med å skaffe seg jobb, eller starte for seg sjølv under og etter studiet. I tillegg vil rådgjevaren bli involvert i drift av eit kultursenter som driv ein restaurant, musikkskule, teikne- og danseklassar. Dei arrangerer også Nkhotakota Music Festival årleg.

Malawi er også kalla «The Warm Heart of Africa» og er kjend for sitt vennlege folk og for ei stor vidde i naturopplevingar. Nkhotakota District har nær 400,000 innbyggarar og ligg ved breidda av Lake Malawi som er Afrikas 3. største innsjø. I kommunesenteret bur det kring 35,000 innbyggarar. Der finn du også ein innhaldsrik marknad, restaurantar, butikkar og kort veg til lodgar med flotte strender. Du disponerer eige hus med hage. Det her er ein unik muligheit for å lære meir om utviklingsarbeid og bistand i praksis.

 

Arbeidsoppgåver, rådgjevar entreprenørskap
 

  • Oppretthalde og etablere nettverk for NYO.

  • Knytte yrkesfagelevar til lærlingplassar.

  • Hjelpe yrkesfagelevar til å starte eigne bedrifter gjennom eit arbeidstreningssenter.

  • Involvert i inntektsskapande verksemd.

  • Koordinere aktiviteter ved Nkhotakota Cultural Centre

  • Planlegge og gjennomføre Nkhotakota Music Festival.

  • Etterarbeid etter heimkomst frå Malawi etter avtale.

 

 

Kvalifikasjonar og eigenskapar, rådgjevar entreprenørskap:

  • Evne til å sjå moglegheiter og eit positivt livssyn.  
  • Resultatorientert og handlekraftig.
  • Evne og vilje til å tilpasse seg ein ny kultur.
  • Evne til å motivere seg sjølv og andre, også i motgang.
  • Evne til å vere sjølvgåande
  • Relevant utdanning eller erfaring knytt til eit eller fleire av fagfelta; utviklingsstudiar, entreprenørskap, økonomistyring, rettleiing, rådgjeving eller event-management.
  • Minimum 2 års relevant arbeidserfaring.
  • God engelsk munnleg og skriftleg.
  • Alder 22-35 år, jfr. Norecs retningslinjer.

Praktisk:

  • Kontrakt på 13 mnd, oppstart 16. februar 2020.
  • Løn etter Norecs satsar 15,000 kr/mnd.
  • Dekt reiseutgifter, oppstartsstipend, bustad og forsikringar i Malawi.
  • Atterhald om finansiering frå Norec.
  • Meir informasjon får du hos Vivian Norstrand, (tlf 908 35 519) eller hos Frida Ur som har stillinga i dag. Frida.ur@gmail.com.
  • Send søknad og CV innan 20. oktober til vivian.norstrand@sfj.no